Ginnungagap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ginnungagap (det vidopne gapet) er i norrøn mytologi den djupe kløfta som strekkjer seg mellom Niflheim og Muspelheim. Liv vert skapt ved at kjempa Yme og urkua Audhumbla vart skapt av dropar frå smeltevatn av isaudet i Niflheim. I Ginnungagap var det leveleg temperatur, og det var her at Odin og brørne Ve og Vilje seinare skapar verda av Yme sin daude kropp.