Giordano Bruno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Teikning av Giordano Bruno.

Giordano Bruno (154817. februar 1600) var ein vitskapleg, religiøs og filosofisk tenkjar i renessansen som blei dømd og avretta som kjettar for synspunkta sine. I seinare tid er han særleg kjend for å ha støtta det heliosentriske verdsbildet, altså at jorda og planetane går i bane rundt sola. Seinare gransking tyder på at det panteistiske gudssynet hans var av større tyding under rettssaka mot han.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Bruno var fødd i Nola i Campania, ein del av kongedømet Napoli. Han blei send til Napoli for å få utdanning, og slutta seg som syttenåring til dominikanarordenen ved klosteret San Domenico Maggiore. I 1572 blei han prestevigd.

Etter elleve år i klosteret, der han skal ha fått påtale to gonger for å ha kast ut helgenbilde og føreslått kontroversiell litteratur til ein novise, såg Bruno seg nøydd til å flykta då han vart skulda for å ha forsvart den kjetterske arianismen og ein fann forbodne verk av Erasmus i klosteret med hans notat i.

Illustrasjon til eitt av Bruno sine minneshjelpemiddel.

Frå 1576 til 1581 reiste Giordano Bruno rundt i Sør-Europa, mellom anna til Venezia, Genève og Toulouse, der han tok doktorgrad i teologi. I 1581 flytta han til Paris, der franske støttespelarar gjorde at han kunne gje ut fleire verk: De umbris idearum ('Om skuggane til ideane', 1582), Ars Memoriae ('Minnekunst', 1582)og Cantus Circaeus ('Songen til Kirke', 1582). Den første av desse var dedikert til kong Henri III.

I 1583 drog Bruno til England som gjest av den franske ambassadøren. Han blei ven med diktaren Philip Sidney og andre frå krinsen rundt tenkjaren John Dee. Han søkte ei stilling ved universitetet i Oxford utan å få henne, og blei latterleggjort eller mislikt for utsegnene sine. Bruno gav ut fleire viktige verk i England, som La Cena de le Ceneri ('Oskeonsdagsmåltidet', 1584), De la Causa, Principio et Uno ('Om årsak, prinsipp og sameining', 1584), De l'Infinito Universo et Mondi ('Om det uendelege universet og verder', 1584).

Etter at den franske ambassaden blei angripen av ei folkemengd i 1585, drog Bruno og ambassadøren Michel de Castelnau tilbake til Frankrike. Bruno sine 120 teser mot aristotelisk naturvitskap og pamflettar mot matematikaren Fabrizio Mordente gjorde han upopulær, og han drog snart til Tyskland.

Han søkte, men fekk ikkje, ei stilling ved Marburg, men fekk førelesa om Aristoteles ved Wittenberg i to år. Ei endring i det intellektuelle miljøet førte at han drog til Praha i 1588. Han underviste ei kort tid ved Helmstedt, før han blei bannlyst av lutheranarar der og måtte flykta igjen.

Under bokmessa i Frankfurt i 1591 blei Bruno invitert til Venezia av adelsmannen Giovanni Mocenigo, og høyrde samstundes om ei ledig stilling i matematikk ved universitetet i Padova. Denne gjekk seinare til Galileo Galilei i staden, men blei privatlærar for Mocenigo i staden. Etter rundt to månader ønskte han å dra, men Mocenigo, som var skuffa over opplæringa og fiendtleg innstilt til Bruno, angav han til den venezianske inkvisisjonen. Bruno blei arrestert den 22. mai 1592. Han blei utlevert til inkvisisjonen i Roma i 1593.

I Roma sat Bruno fengsla i Castel Sant'Angelo i seks år før rettssaka starta. Giordano blei skulda for ei rekkje brotsverk mot kyrkja, som å forfekta vranglære om Kristus, Jomfru Maria, Treeininga, Den katolske kyrkja, transsubstansiasjon (at brød og vin blir til Jesus sitt kjøt og blod), tru på sjelevandring og utøving av magi og spåing.

Statue av Bruno på torget der han blei brend.

Kardinal Roberto Bellarmino, som leia rettssaka, kravde ei full tilbaketrekking av alle påstandane hans, noko Bruno nekta. Han ønska å innordna seg kyrkja sine læresetningar, men ville likevel hevda nokre av dei filosofiske synspunkta sine, som at det finst fleire verder. Han prøvde å få ein audiens hjå pave Klemens VIII slik at han kunne trekka tilbake delar av utsegnene sine, utan å lukkast. Bruno blei dermed dømd for vranglære og overlevert til dei verdslege styresmaktene, som dømde han til døden på bålet.

Giordano Bruno blei knebla og brend på Campo de Fiori i Roma den 17. februar 1600. For å spara han for smertene ved å bli brend sakte, blei ein pose krut, som ville eksplodera og drepa han raskt, hengd rundt halsen hans. Alle verka hans blei sett på lista over forbodne verk, Index Librorum Prohibitorum, i 1603.

Bruno blir ofte rekna som ein martyr for vitskap og ytringsfridom. I 1889 blei det reist eit minnesmerke til han på rettarstaden i Roma. I samband med jubelåret 2000 kom pave Johannes Paul II med ei offentleg orsaking for avrettinga av Bruno.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]