Giosuè Carducci

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Giosuè Carducci
Giosuè carducci, 1902.JPG
Nasjonalitet Italiensk
Fødd 27. juli 1835, Pietrasanta i Toscana, Italia
Død 16. februar 1907 (71 år), Bologna, italia
Yrke Forfattar og professor
Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
1906
Byste av Giosuè Carducci ved biblioteket i Verona.

Giosuè Carducci (27. juli 183516. februar 1907) var ein italiensk forfattar, av mange rekna som nasjonalskalden til det moderne Italia, og den første italienaren som fekk Nobelprisen i litteratur i 1906. Medan Carducci er best kjend for dikta sine, skreiv han også prosa, og omsette fleire store verk.

Carducci vart fødd i Valdicastello i den italienske småbyen Pietrasanta nordvest i Toscana. Faren var lege og medlem i den hemmelege Carbonari-rørsla, og familien måtte flytta fleire gonger av politiske grunnar. I 1849 slo familien seg ned i nær Firenze. Kommunen Castagneto, der Carducci budde, fekk seinare namnet Castagneto Carducci til ære for han.

Carducci tok doktorgraden ved Scuola Normale Superiore di Pisa i 1856 og arbeidde som lærar og førelesar, mellom anna som professor i italiensk ved universitetet i Bologna. Han var ein mykje likt førelesar, og var kjend som ein sterk kritikar av litteratur og samfunn. Han var imot kristendommen, særleg den sterke verdslege makta til den katolske kyrkja.

I 1859 gifta Carducci seg med kusina Elvira Menicucci. Dei fekk fem barn saman, ein son døydde få dagar gammal.

I 1890 blei han utnemnd til senator i kongeriket Italia.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Carducci hadde stor interesse for antikk gresk og romersk kultur. Som ung omsette han ein del av Iliaden til italiensk. Seinare brukte han gjerne klassiske verseformer lik Horats og Vergil og ein enkel, «klassisk» stil i dikta sine.

Protestdiktet «Inno a Satana», 'Hymne til Satan', vart eit revolusjonært og inspirerande dikt i 1860-åra, då den italienske republikanske rørsla pressa på for å enda Vatikanet sitt styre over Pavestatane. Medan diktet fekk stor utbreiing og innverknad, finn ein dei viktigaste dikta hans i dei seinare samlingane Rime Nuove og Odi Barbare.

Carducci omsette mykje frå fransk og tysk, mellom anna verk av Goethe og Heine.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • 1863 - Inno a Satana
  • 1866-1867 - Della varia fortuna di Dante
  • 1867 - Idillio maremmano
  • 1868 - Levia Gravia
  • 1868 - Dello svolgimento della letteratura nazionale
  • 1871 - Pianto antico
  • 1871 - Poesie
  • 1872 - Primavere elleniche
  • 1873 - Nuove poesie di Enotrio Romano
  • 1874 - Davanti a San Guido og Nostalgia
  • 1875 - Faida di comune, Tedio invernale, Alla stazione in una mattina d'autunno, Mors - nell'epidemia difterica
  • 1876 - Alle fonti del Clitumno
  • 1877 - Odi barbare
  • 1878 - Alla regina d'Italia
  • 1880 - Sogno d'estate
  • 1881 - Nevicata
  • 1882 - Nuove odi barbare, Giambi ed epodi, Confessioni e battaglie
  • 1883 - San Martino, Visione, Ça ira
  • 1885 - Il comune rustico
  • 1887 - Rime nuove
  • 1888 - Jaufré Rudel
  • 1889 - Terze odi barbare
  • 1890 - Piemonte
  • 1892 - Storia del giorno di Giuseppe Parini
  • 1893 - Odi barbare
  • 1899 - Rime e ritmi
  • 1902 - Dello svolgimento dell'ode in Italia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Giosuè Carducci
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!