Giotto di Bondone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Giotto)
Giotto di Bondone

Statsborgarskap Den florentinske republikk
Fødd 1267
Vicchio
Død

8. januar 1337 (70 år)
Firenze

Yrke kunstmålar, arkitekt, goatherd, bilethoggar, muralist, designar
Språk italiensk
Far Bondone
Giotto di Bondone på Commons
«Giotto» omdirigerer hit. For ESA-sonden, sjå romsonden Giotto.
Campanile di Giotto.
Giotto var arkitekt for klokketårnet på Piazza del Duomo i Firenze, men han døydde før det var ferdig.

Giotto (ca. 12678. januar 1337) eller Giotto di Bondone, 'Giotto frå Bondone', var ein italiensk målar og arkitekt frå Firenze. Han vert halden for å vere den fyrste viktige kunstnaren innan den italienske renessansen, og freskoane hans i Capella degli Scrovegni vert rekna som eit av dei største meisterverka frå den tidlege renessansen.

«Judaskysset».
Fresko i Capella degli Scrovegni

Giotto og/eller verkstaden hans vert vanlegvis òg rekna for å ha måla den vidgjetne freskosuiten i skipet i overkyrkja i Basilica di San Francesco d'Assisi, som i 28 tablå skildrar livet til Sankt Frans frå Assisi. Men kunsthistorikarane er usamde om dette er eit verk av Giotto, eventuelt i kva grad han tok del i arbeidet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Giotto di Bondone
Spire Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.