Giotto di Bondone
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
-
«Giotto» omdirigerer hit. For ESA-sonden, sjå romsonden Giotto.
Giotto (ca. 1267–8. januar 1337) eller Giotto di Bondone, 'Giotto frå Bondone', var ein italiensk målar og arkitekt frå Firenze. Han vert halden for å vere den fyrste viktige kunstnaren innan den italienske renessansen, og freskoane hans i Capella degli Scrovegni vert rekna som eit av dei største meisterverka frå den tidlege renessansen.
Giotto og/eller verkstaden hans vert vanlegvis òg rekna for å ha måla den vidgjetne freskosuiten i skipet i overkyrkja i Basilica di San Francesco d'Assisi, som i 28 tablå skildrar livet til Sankt Frans frå Assisi. Men kunsthistorikarane er usamde om dette er eit verk av Giotto, eventuelt i kva grad han tok del i arbeidet.
Bakgrunnsstoff [endre]