Giovanni Battista Moroni
Giovanni Battista Moroni var ein italiensk målar som var aktiv under seinrenessansen. Han var fødd ein gong mellom 1520 og -25 i Albino ved Bergamo, og han døydde same staden 5. februar 1578. Moroni er særleg akta for sine røyndomsnære portrett av den lokale eliten.
Liv og gjerning [endre]
Moroni, som var son til ein arkitekt, var frå 1540 elev av målaren Moretto i Brescia. I yngre år var han hovudassistenten til Moretto. Under begge Trent-konsila, 1546-48 og 1551-53, arbeidde han i byen. Der tok han oppdrag som portrettmålar, og laga også nokre altartavler.
Sine beste år hadde Moroni i Bergamo mellom 1557 og 1562, der han var ein etterspurd portrettør. Sidan flytta han tilbake til Albino, og måla då mange altartavler. Nokre av desse arbeida finst i Milano, men dei fleste er i områda kring Albino og Bergamo. Altartavlene er likevel ikkje mellom de beste arbeida hans, då han i stor grad fylgde læraren sin i utforminga av desse.
Moroni er absolutt mest kjend for sine sjelfulle portrett, måla i ein manieristisk stil. Ofte er bileta forma slik at dei gir ein karakteristikk av yrket til personen.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon
- Denne artikkelen bygger på «Giovanni Battista Moroni» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mai 2012.