Giovanni Gentile

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Giovanni Gentile

Giovanni Gentile (30. mai 187515. april 1944) var ein italiensk filosof og politikar.

Gentile vert i det offentlege medvitet framfor alt i Italia sedd på som det intellektuelle utstillingsvindauget til fascismen. Han var utdanningsminister i den første regjeringa til Benito Mussolini, og gjennomførte ei skulereform kalla opp etter han (Riforma Gentile). Gentile var tru mot fascismen til han vart drepen i 1944.

Gentile vart fødd i småborgarlege tilhøve i Castelvetrano i provinsen Trapani på Sicilia. Han studerte filosofi i Palermo, og var sidan lærar, til han i 1917 fekk ein universitetslærestol i Pisa.

Først på 1900-talet var Gentile saman med Benedetto Croce ein føregangsmann for fornyinga av italiensk kulturliv. Tenkinga hans var prega av ei blanding av konservativ-borgarleg elitisme, nasjonalisme og radikal avvising av tradisjonell religion. Filosofien hans, «aktualismen», var tilsynelatande heilt upolitisk til å byrje med. Det handla om ein tankebygnad som gjev handling frigjort frå alle reglar og grenser forrang framfor alt anna. Slik Gentile såg det, sameinte alt seg ideelt i ei «rein akt» (atto puro) som var uttrykk for den høgste dygd. Det liksom upolitiske med filosofien hans endra seg med første verdskrigen. Nasjon og stat rykkjer då fram som midtpunkt i tenkinga og publikasjonane hans. Gentile identifiserer stegvis nasjonalstaten og sidan den fascistiske staten med atto puro, som veit alt og difor handlar moralsk.

Gentile slutta seg i 1922 til fascistane, og freista omsetje sine idear om den «etiske staten» (stato etico) i praksis. Til å byrje med hadde han stor innverknad, og han vart feira som den viktigaste intellektuelle i fascismen. Kjend vart han framfor alt for skulereforma, som var liberal i høve til den religiøse dominansen tidlegare. Det endra seg sist på 1920-talet, då Mussolini nærma seg den katolske kyrkja (Konkordatet), noko som ikkje var i tråd med Gentile sine tankar om religion. Han vart likevel verande ein viktig åndeleg figur, sjølv om innverknaden hans minka.

I 1944 vart han drepen i Firenze, truleg av partisanar. Dei nøyaktige omstenda rundt drapet er enno i dag ikkje klarlagde.

I historiske og filosofiske ordskifte er det sterkt delte meiningar om Gentile. Dette var tilfellet alt medan han levde, og har halde fram sidan han døydde. Han vert kalla både idealistisk hegelianar og amoralsk aksjonist. Kritikarar ser filosofien hans som filosofien til fascismen, medan andre meiner aktualismen likså gjerne kan grunngje kommunismen. Mange av tilhengarane hans hevdar det ikkje er nokon samanheng mellom filosofien hans og dei politiske handlingane hans som fascist.

I Italia spelar Gentile heilt til i dag ei viss rolle, då han framleis vert sett høgt av høgre-ekstreme parti.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gentile, G.: Philosophie und Pädagogik: Besorgt von Kurt Gerhard Fischer unter Mitarbeit von Michele Borrelli, Paderborn 1970
  • Gentile, G.: Opere filosofiche: Antologia a cura di E. Garin, Garzanti 1991
  • Gentile, G., Siebeck M.: Der aktuale Idealismus 1931. ISBN 3-16-814141-0
  • Schattenfroh, S.: Die Staatsphilosophie Giovanni Gentiles und die Versuche ihrer Verwirklichung im faschistischen Italien, Europäischer Verlag der Wissenschaften, 1999. ISBN 3-631-34345-0

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]