Giovanni Paolo Pannini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Giovanni Paolo Pannini

Statsborgarskap Italia
Fødd 17. juni 1691
Piacenza
Død

21. oktober 1765 (74 år)
Roma

Yrke kunstmålar, arkitekt, scenograf
Språk italiensk
Giovanni Paolo Pannini på Commons
L'interno del Pantheon, ca 1734
Biletgalleri med utsiker over Roma, 1757

Giovanni Paolo Pannini eller Panini (17. juni 169121. oktober 1765) var ein italiensk målar og arkitekt, vidast kjend som 'vedutista', det vil seie utsiktsmålar eller målar av bylandskap.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Den unge Pannini utdanna seg til scenograf i fødebyen Piacenza. I 1711 flytta han til Roma, der han studerte teikning med Benedetto Luti og vart mykje påverka av Canaletto og hans målarstil og motivval. Pannini vart ein berømt palassdekoratør, og stod for omfattande arbeid i Villa Patrizi (1718–25) og Palazo de Carolis (1720).

Målaren Pannini er mest kjend for sine utsikter over Roma, der han viste særleg interesse for dei antikke byggverka i byen. Mellom hans mest berømte verk er L'interno del Pantheon og hans vedute-måleri av galleri med utsikter frå Roma. Dei fleste av desse arbeida hans, spesielt dei av ruinar, blandar ulike stilar og stilperiodar på ein overdriven, stykkevis måte.

Pannini underviste i Roma både ved Accademia di San Luca og Académie de France. Ved den sistnemnde kunstskulen inspirerte han på sine eldre dagar eleven Jean-Honoré Fragonard I verkstaden hans arbeidde både ein annan fransk målar, Hubert Robert, og hans eigen son, Francesco Pannini. Stilen hans kom til å påverke andre vedutisti, som til dømes eleven Antonio Joli, så vel som Canaletto og Bernardo Bellotto. Pannini laga gjennom åra ein del måleri over store festførestillingar. Han var elles aktiv som portrettmålar.

Han døydde i Roma.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]