Gipuzkoa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Provinsen Gipuzkoa

Guipúzcoa (spansk) eller Gipuzkoa (baskisk og offisielt) er ein provins nord i Spania i den autonome regionen Baskarland. Han grensar til provinsane Bizkaia og Álava, den autonome regoinen Navarra, provinsen Labourd i det franske departementet Pyrénées-Atlantiques og Biscayabukta.

Provinsen har eit areal på 1 980 km² og er dermed den minste provinsen i Spania. Han har 88 kommunar og omtrent 700 000 innbyggjarar. Ein fjerdedel av desse bur i provinshovudstaden San Sebastián. Andre byar er Irun, Errenteria, Zarautz, Arrasate, Oñati (med eit gammal universitet), Eibar, Tolosa (ein kort periode hovudstad i provinsen), Beasain, Pasaia (den største hamnebyen) og Hondarribia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gipuzkoa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 43°10′N 2°10′W