Girolamo Frescobaldi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Girolamo Frescobaldi.png
Girolamo Frescobaldi.png
Girolamo Frescobaldi.png
Fødd september 1583, Ferrara i Italia
Død 1. mars 1643 (59 år), Roma
Instrument Cembalo, pipeorgel
Periode Barokken
Sjanger Klavermusikk, vokalmusikk, kammermusikk
Yrke Komponist

Girolamo Frescobaldi (15831. mars 1643) var ein italiensk komponist og musikar. Han var ein av dei viktigaste komponistane for klaviaturinstrument i renessansen og tidleg barokk. Frå 1608 til han døydde var han organist i Peterskyrkja i Roma.

«Kyrie della Domenica» frå Fiori Musicali av Frescobaldi.

Det mest kjende verket hans er Fiori Musicali (1635) - 'Musikalske blomar', orgelmusikk til bruk i messa. Johann Sebastian Bach hadde ein kopi av dette verket.

Johann Jakob Froberger (1616-1667) var elev av Frescobaldi. Louis Couperin, Georg Böhm, Dietrich Buxtehude, Johann Sebastian Bach og Johann Pachelbel er komponistar som gjennom Froberger har vorte påverka av Frescobaldi. Påverknaden går heilt til vår eiga tid, György Ligeti (1926-2006) skreiv i 1951 ein ricercar han kalla Ommagio a Girolamo Frescobaldi.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]