Girona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Girona
20061227-Girona MQ.jpg
Flagget til Girona Byvåpenet til Girona
Flagget til Girona Byvåpenet til Girona


Plassering
Girona is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Catalonia
Provins Girona
Grunnlagd 79 fvt.
Borgarmeister Anna Pagans i Gruartmoner
Geografi
Flatevidd
 - By

39,1 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

94 484
  2 416,5 /km²
Koordinatar 41°58′″N 2°49′″EKoordinatar: 41°58′″N 2°49′″E
Høgd over havet 76 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 17001 - 17007
Nettstad: www.ajuntament.gi

Girona (spansk Gerona) er ein by nordaust i Catalonia i Spania der elvane Ter, Onyar, Galligants og Güell renn saman. Han har kring 95 000 innbyggjarar. Byen er provinshovudstad i provinsen Girona.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første busetjarane i regionen var iberarar. Girona er den same byen som Gerunda i antikken, ein by under ausetanane. Seinare bygde romarane ei festning her, som fekk namnet Gerunda. Vestgotarane styrte i Girona fram til han vart erobra av maurarar. Til slutt tok Karl den store byen i 785 og gjorde han til ein av dei fjorten opphavlege grevskapa i Catalonia. Guifré I innlemma Girona i grevskapet Barcelona i 878. Alfonso I av Aragón gav Girona bystatus på 1000-talet. Det gamle grevskapet vart seinare eit hertugdøme (1351) då kong Pere III d' Aragón gav tittelen hertug til den eldste sonen sin, Joan. I 1414 gav kong Ferran I så tittelen prins av Girona til sin førstefødde son, Alfonso. Tittelen vert i dag bore av prins Felipe av Asturias, den første sidan 1500-talet.

På 1100-talet var det eit blømande jødisk samfunn i Girona, med ein av dei viktigaste kabbalistiske skulane i Europa. Rabbien i Girona, Moshe ben Nahman Gerondi (betre kjend som Nahmanides eller Ramban) vart utpeikt som storrabbi av Catalonia. Det jødiske samfunnet enda i 1492 då dei katolske kongane dreiv alle jødar ut av Catalonia. I dag er den jødiske gettoen, eller Call ein av dei best bevarte i Europa og ein stor turistattraksjon.

Domkyrkja (til venstre) og Passeig de la Muralla (til høgre)

Girona har vore utsett for 25 omleiringa og har vorte erobra fleire gonger. Han vart omleira av den franske kongearmeen under marskalk Hocquisicourt i 1653, under marskalk Bellefonds i 1684 og to gonger i 1694 under de Noailles. I mai 1809 omleira 35 000 franske soldatar byen under Vergier, Augereau og St. Cyr og heldt ut under Alvarez fram til sjukdom og svelt tvinga byen til kapitulasjon den 12. desember. Franskmennene erobra byen etter ei sju månader lang omleiring. Girona vart senter i Ter department under franskmennene frå 1809 til 1813. Bymurane vart øydelagde mot slutten av 1800-talet slik at byen kunne utvidast. I nyare år har delar av den gamle bymuren på austsida av byen vorte rekonstruert. Dette er i dag ein del av turistruta kalla Passeig de la Muralla i gamlebyen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Girona

Kjelder[endre | endre wikiteksten]