Gisela May

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gisela May

Statsborgarskap Weimarrepublikken, Det tyske riket, Den tyske demokratiske republikken, Tyskland
Fødd 31. mai 1924
Wetzlar
Død

2. desember 2016 (92 år)
Berlin

Yrke songar, teaterskodespelar, filmskodespelar, sjølvbiograf, skodespelar
Språk tysk
Politisk parti Sozialistische Einheitspartei Deutschlands
Medlem av Akademie der Künste der DDR, Akademie der Künste Berlin
Far Ferdinand May
Mor Käte May
Ektefelle Georg Honigmann
Nettstad http://www.giselamay.de
Gisela May på Commons
Gisela May fotografert i juni 2008.

Gisela May (fødd 31. mai 1924, død 2. desember 2016) i var ein tysk skodespelar og kabaretsongar fødd i Wetzlar. Ho vart utdanna som skodespalar frå 1942 til 1944 hjå Leipziger Schauspielschule i Leipzig, og er namngjeten i og utanfor Tyskland for tolkingane sine av roller i Bertolt Brechts skodespel, mellom anna for hovudrolla i Mor Courage og borna hennar, og for tolkingane av songane frå skodespela.

Gisela May har vore engasjert som skodespelar ved scener i Danzig, Dresden, Görlitz, Leipzig, Halle og Schwerin. Frå 1951 har ho arbeidd i Berlin, der ho fyrst var hjå Deutsches Theater Berlin, og frå 1962 og meir enn tretti år framover hjå Berliner Ensemble. Som songar har ho gjesta USA, Australia og fleire land i Europa med visesong, politiske songar og dikt av både Bertolt Brecht, Jacques Brel, Erich Kästner, Hanns Eisler og fleire. Komponisten og pianisten Manfred Schmitz var i mange år hennar kunstnariske partnar.