Giske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Giske
Utsyn over Giske.
Utsyn over Giske.
Geografi
Norway - Giske.png
Stad Sunnmøre
Koordinatar 62°30′24″N 06°02′53″EKoordinatar: 62°30′24″N 06°02′53″E
Areal 2,67 km²
Høgaste punkt Ørnebakken (26 moh.)
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Demografi
Folketal 600
Folketettleik 224 /km²

Giske er den minste øya i Giske kommune, og har rundt 600 innbyggjarar. Tettstaden Giske ligg på øya. Jordbruk, fiske og trevareindustri er dei viktigaste næringsvegane.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Flate Giske med snø.

Namnet Giske er truleg avleia av norrønt gizki, 'duk' eller 'klut', som viser til den flate forma på øya. Ho var sete for fleire mektige slekter; slekta til Ragnvald Mørejarl, Arnungeætta frå 900-talet av, og Giskeætta vidare oppover i mellomalderen.

Øya har fornminne frå mange epokar, som Mjelthaugen frå bronsealderen, Giske kyrkje frå mellomalderen og det tidlegare Giskegodset. Det historiske Giskespelet, som blir vist fram anna kvar sommar, fortel soga om Arnungane.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya har ei flatevidd på 2,67 km². Ørnebakken på 26 m.o.h. er det høgaste punktet.

Ho blei forbunden med fastlandet i 1987, då bru til Valderøy stod ferdig. Vegnettet blei seinare utvida med ein undersjøisk tunnel til Godøy.

Våtmarksområdet Makkevika er eit freda fuglemområde. Strandlina har mange fine sandstrender som blir brukte av både fastbuande og tilreisande. Dei mest besøkte strendene er sanden ved brua og Øygardsjøen. På Kvalneset, vest på øya, tørka ein tidlegare fisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]