Giske kommune
| Giske kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1532 |
| Fylke | Møre og Romsdal |
| Adm.senter | Valderhaug |
| Areal | 40 km² |
| Folkemengd | 7 306 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2003-) | Knut Støbakk (KrF) |
| Målform | Nynorsk |
| Nettstad | www.giske.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Giske kommune på Commons | |
Giske kommune er ein øykommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal, rett vestom byen Ålesund. Kommunen består av dei to flate øyane Giske og Vigra, og to meir ulendte, Godøya og Valderøya. Kommunesenteret ligg på Valderhaug på Valderøya, medan Vigra er den største øya.
Giske kommune har 4 tettstadar:
- Nordstrand på Valderøya med 3 449 innbyggjarar (2012)
- Roald på Vigra med 775 innbyggjarar (2012)
- Leitebakk på Godøya med 592 innbyggjarar (2012)
- Giske på Giske med 593 innbyggjarar (2012)
Hovudnæringar i kommunen er fiske og jordbruk, fiskeoppdrett og noko mekanisk industri.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Skjonghelleren på Valderøya er eit verdifull fortidsminne med avleiringar som mellom anna viser korleis den magnetiske Nordpolen har endra seg. Ein har òg funne restar av fuglar og dyr som er om lag 30 000 år gamle. Ein har òg funne 10 000 år gamle spor etter menneske.
Øyane har òg fleire minne frå vikingtida. På Giske ligg ein av dei eldste herregardane i Noreg. Han var heimen til den mektige Giske-ætta eller Arnungane frå 900-talet til 1582. Giske kapell, kledd i kvit marmor, vitnar om rikdommen på øya på 1100-talet.
Folketalsutvikling [endre]
Folketalsutvikling for noverande Giske kommune frå 1910:
| 1910[2] | 1.12.1920[3] | 1.12.1930[4] | 3.12.1946[4] | 1.1.1951[5][6] | 1.1.1961[5][6] | 1.1.1971[5] | 1.1.1981[5] | 1.1.1991[5] | 1.1.2001[5] | 1.1.2010[5] |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 2754 | 3006 | 3145 | 3713 | 3915 | 4543 | 5171 | 6042 | 6203 | 6395 | 7029 |
Kommunikasjon [endre]
Det er brusamband mellom Vigra og Valderøya på Gjøsund. Frå Valderøya går ein undersjøisk tunnel til Ålesund (via Kverve, Ellingsøya). Det er bru til Giske frå Valderøya og undersjøisk tunnel frå Giske til Godøya.
Ålesund lufthamn ligg på Vigra.
Kjende folk frå Giske kommune [endre]
- Både Ragnvald Mørejarl (800-talet) og normannarkongen Gange-Rolv (900-talet) var i følgje tradisjonen frå Giske
- Ragna Marie Blindheim, (1885–1952), lærarinne.
- Bjørn Brusdal (f. 1948), biletkunstnar
- Severin Roald (1858–1898), skodespelar
- Olaf Leon Roald (f. 1952), biletkunstnar
- Ørnulf Opdahl (f. 1944), biletkunstnar, fødd i Ålesund, busett på Godøya
Bakgrunnsstoff [endre]
Fotnotar [endre]
- ↑ Kjelde: SSB
- ↑ "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Folkemengd i Giske 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 6,0 6,1 Folkemengd i Vigra 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
| Kommunar i Møre og Romsdal | ||
|---|---|---|
| Sunnmøre | Giske · Haram · Hareid · Herøy · Norddal · Sande · Skodje · Stordal · Stranda · Sula · Sykkylven · Ulstein · Vanylven · Volda · Ørskog · Ørsta · Ålesund | |
| Romsdal | Aukra · Fræna · Midsund · Molde · Nesset · Rauma · Sandøy · Vestnes | |
| Nordmøre | Aure · Averøy · Eide · Gjemnes · Halsa · Kristiansund · Rindal · Smøla · Sunndal · Surnadal · Tingvoll | |