Gisle Johnson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gisle Johnson i 1889

Gisle Christian Johnson (fødd 10. september 1822 i Halden, død 17. juli 1894 i Tønsberg) var ein norsk teolog.

Gisle voks opp i Kristiansand som son til Wilhelmine Hanssen og Georg Daniel Barth Johnson. Farsslekta hadde bakgrunn frå Island.

Han tok teologisk embetseksamen i Christiania i 1845. Deretter studerte han eitt år i Tyskland, og kom der i kontakt med Carl Paul Caspari. I 1849 vart Gisle Johnson lektor ved universitetet i Kristiania, og i 1860 vart han tilsett som professor, først i systematisk teologi og dogmehistorie, frå 1875 i kyrkjehistorie.

Som forkynnar var han konservativ pietist og advarte mot det han såg som tidens vantru og politiske radikalisme. Han førte vidare den haugianske tradisjonen med offentlege bibellesingar.

Grava til Gisle Johnson på Vår Frelsers gravlund

I 1855 stifta han Christiania Indremissionsforening og i 1868 Den norske Lutherstiftelse (frå 1891 Det norske lutherske Indremisjonsselskap). I 1858 grunnla han si lag med med Carl Paul Caspari og Tønder Nissen Theologisk tidsskrift for den evangelisk lutherske kirke i Norge, og i 1863 Luthersk Kirketidende. I 1862 gav han og Caspari ut ei norsk omsetjing av Konkordieboka.

I 1883 stod han bak oppropet «Til Christendommens Venner».

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Grundrids af Den systematiske teologi (1878)
  • Forelæsninger over dogmehistorien (1898)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

D. Thorkildsen. Da kirken oppdaget folket. I S.Aa. Christophersen og T. Wyller (red). Arv og utfordring. Oslo 1995.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

"Fra Hersleb til Dahl" – artikkelserie om 13 profiler ved Det teologiske fakultet gjennom 180 år