Gitter i optikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit særs stort refleksjonsgitter.

Eit gitter er i optikk eit system med tettliggjande parallelle linjer eller profilerte furer med like stor innbyrdes avstand. Det kan vere opp til 1800 linjer per millimeter. Gitteret kan liggje i ei plan glasplate eller i ein spegel som kan vere både plan eller konkav. Optiske gitter vert nytta for å studere diffraksjonen til lyset og til å finne bølgjelengda og energifordelinga til lyset. Dette vert kalla gitterspektroskopi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]