Giuseppe Bergomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Giuseppe Bergomi
Giuseppe Bergomi i 2008
Personleg informasjon
Fødselsdato 22. desember 1963 (60 år)
Fødestad Milano i Italia
Høgd 185 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1979–1999 Inter 519 (23)
Landslag
1982–1998 Italia 82 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Giuseppe Bergomi (fødd 22. desember 1963) i Milano er ein italiensk, tidlegare fotballspelar som spela for Inter og vart verdsmeister med Italia under VM i fotball 1982 i Spania. Han spelte 81 landskampar og skåra seks mål i tida mellom 1982 og 1998. Bergomi var kjend som ein hardtspelande forsvarspelar, fyrst som sideback, seinare som midtstoppar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bergomi debuterte for Inter sesongen 1980/81, 17 år gammal. Han spela 19 sesongar i klubben. Gjennom desse åra var han med å vinne Serie A i 1989 og UEFA-cupen tre gongar.

Bergomi debuterte for Italia i ein vennskapslandskamp mot DDR i april 1982. To månader seinare var han med landslaget til VM 1982. I løpet av turneringa spela han seg inn i startoppstillinga, og spela både semifinalen og finalen. Italia vart verdsmeistrar etter 3-1 over Vest-Tyskland i finalen. Seinare spela han også i verdsmeisterskapane i 1986 og 1990, samt i EM 1988. Under VM 1990 på heimebane sikra han og lagkameratane italiensk bronsemedalje då dei vann 2-1 over England i bronsefinalen. Etter at han vart utvist i EM-kvalifiseringskampen mot Noreg i mai 1991, Noreg vann 2-1, gjekk det tre år før han atter spela landskamp for gli Azzurri. Overraskande fekk Bergomi plass i troppen til VM 1998.

Han la opp i 1999.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM-gull 1982 for Italia
  • VM-bronse 1990 for Italia
  • Vinnar av UEFA-cupen 1991, 1994 og 1998 med Inter
  • Italiensk seriemeister 1989 med Inter
  • Italiensk cupmeister 1982 med Inter

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]