Giv'at Ze'ev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Giv'at Ze'ev is located in Vestbreidda
Plasseringa til Giv'at Ze'ev på Vestbreidda

Giv'at Ze'ev (hebraisk גבעת זאב, er ei israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda, like nord for Jerusalem. Busetjinga vart grunnlagt i 1982. Folketalet er 10 796.(2006) Giv'at Ze'ev vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten. Den israelske sperringsmuren/-gjerdet på Vestbreidda svingar utom Giv'at Ze'ev, og skil dermed busetjinga frå resten av Vestbreidda.

9. mars 2008 gav den israelske statsministeren Ehud Olmert løyve til bygging av 750 nye bustader i Giv'at Ze'ev, i strid med den dåverande politikken om å frysa ny bygging i eksisterande busetjingar. Olmert argumenterte med at løyvet opphavleg var gitt i 1999, men at bygginga berre hadde vore sett på vent grunna den andre intifadaen i 2000. Bygginga vart kritiserte av dei palestinske sjølvstyresmaktene, USA og EU.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. PM Okays Givat Ze'ev Building Project frå Jerusalem Post 10. mars 2008