Giving You Up
| Giving You Up Singel av Kylie Minogue frå albumet Ultimate Kylie |
||
| B-side | «Made of Glass» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 28. mars 2005 | |
| Innspelt | 2004 | |
| Sjanger | Dansepop | |
| Lengd | 3:31 | |
| Selskap | Parlophone | |
| Låtskrivar(ar) | Miranda Cooper Brian Higgins Tim Powell Lisa Cowling Paul Woods Nick Coler Kylie Minogue |
|
| Produsent | Brian Higgins Xenomania |
|
| Kylie Minogue-kronologi | ||
| «I Believe in You» (2004) |
Giving You Up | «2 Hearts» (2007) |
«Giving You Up» er ein dansepopsong framført av den australske songaren Kylie Minogue for samlealbumet Ultimate Kylie (2004). Han vart utgjeven som andresingelen frå albumet i mars 2005 til blanda kritikkar. Songen vart òg den siste singel til Minogue før kampen hennar mot brystkreft. Den neste utgjevinga hennar kom vel to år seinare, seint i 2007.
Innhaldsliste |
Informasjon [endre]
«Giving You Up» vart skriven og innspelt i løpet av sommaren 2004 i London av Minogue og Xenomania for samlealbumet Ultimate Kylie.[1] Songen vart utgjeven 28. mars 2005 i ulike format over heile verda. I Australia vart singelen utgjeve 11. april 2005 og avgrensa til 25.000 eksemplar.
Singlen nådde nummer seks på UK Singles Chart den 4. april 2005, og blei på hitlista i åtte veker.[2] Songen nådde nummer tjue i Irland og nummer 27 i Tyskland. «Giving You Up» vart òg i stor grad vellykka andre stader, og nådde førsteplass i Portugal og Topp 20 i Danmark, Finland, Hellas, Spania og Ukraina.
Format og sporliste [endre]
- Europeisk CD 1
- «Giving You Up» – 3:31
- «Made of Glass» – 3:12
- Europeisk CD 2
- «Giving You Up» – 3:31
- «Giving You Up» (Riton Re-Rub Dub) – 6:31
- «Giving You Up» (Alter Ego Remix) – 6:32
- «Giving You Up» (Video)
- Tysk CD
- «Giving You Up» – 3:31
- «Your Disco Needs You» (Almighty Mix Edit) – 3:29
- «Your Disco Needs You» (Video)
- Australsk CD
- «Giving You Up» – 3:31
- «Made of Glass» – 3:12
- «Giving You Up» (Riton Re-Rub Vox) – 6:31
- «Giving You Up» (Alter Ego Dub) – 6:32
- «Giving You Up» (Video)
Topplisteplasseringar [endre]
| Toppliste | Listeplassering |
|---|---|
| Australia (ARIA Charts) | 8 |
| Austerrike (Ö3 Austria Top 75) | 45 |
| Belgia (Ultratop 50 Flandern) | 25 |
| Danmark (Tracklisten) | 12 |
| Europa (European Hot 100 Singles) | 13 |
| Finland (Suomen virallinen lista) | 14 |
| Tyskland (Media Control Charts) | 27 |
| Irland (IRMA) | 20 |
| Nederland (Dutch Top 40) | 34 |
| Spania (PROMUSICAE) | 6 |
| Sveits (Schweizer Hitparade) | 40 |
| Storbritannia (UK Singles Chart)[2] | 6 |
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Giving You Up» frå Wikipedia på bokmål, den 11. februar 2011.
- ↑ «Music - Singles - Giving You Up». Kylie.com. http://www.kylie.com/music/singles/1712431. Henta 1. januar 2008.
- ↑ 2,0 2,1 «Chart Stats – Kylie Minogue – Giving You Up». UK Singles Chart. Chart Stats. http://www.chartstats.com/songinfo.php?id=698. Henta 9. september 2010.