Gjønnes-utvalet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Stat – kyrkje-utvalet (òg kalla Gjønnes-utvalet etter leiaren) er ei nemning på eit offentleg utval som har sett saman ei utgreiing om tilhøvet mellom kyrkje og stat i Noreg. Føremålet med utvalet er å gje Stortinget eit vidt grunnlag for å avgjere om statskyrkjeordninga skal vidareførast, reformerast eller avviklast. Utvalet vart vart oppnemnt ved kongeleg resolusjon av 14. mars 2003.

Utvalet la fram utgreiinga og innstillinga si i dokumentet NOU: 2006: 2 Staten og Den norske kirke[1] til Kultur- og kyrkjedepartementet tysdag 31. januar 2006.

Innhaldsliste

[endre] Utvalet si oppgåve

Utvalet skulle ta utgangspunkt i at den norske kyrkja skal halde fram med å vere ei bekjennande, misjonerande, tenande og open folkekyrkje, og vurdere åtte skilde punkt:

  1. Statskyrkjeordninga i heilskap, som den er utforma og virkar i Noreg.
  2. Mogelege eller ønskelege reformer innafor ramma av det som på rimeleg vis kan karakteriserast som ei statskyrkje.
  3. Alternativ til statskyrkjeordninga og overgangsordningar under eit mogeleg opphøyr av statskyrkjeordninga.
  4. Finansiering av kyrkjeleg verksemd, og under det; spørsmål knytt til medlemsavgift, livssynsavgift, skatt og statlege/kommunale bevilgingar.
  5. Gravferdsforvaltinga
  6. Ordningar for å halde ved like freda og verneverdige kyrkjer.
  7. Eigedomsretten til kyrkjer og kyrkjegårdar, andre aktuelle eigedomar, Opplysningsvesenets fond m.m. under eit mogeleg opphøyr av statskyrkjeordninga.
  8. Kva konsekvensar framlagte endringar i kyrkjeordninga kan kome til å ha for mellom anna oppsluttinga om Den norske kyrkja, for det andelege livet, kyrkjeleg undervising og diakoni, for kulturen vår og verdigrunnlaget i folket..

[endre] Medlemmer i utvalet

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Fotnotar

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk