Gjøvik kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gjøvik kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Gjøvik
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Toten
Sokn Vardal
Fellesråd Gjøvik
Arkitekt Jacob Wilhelm Nordan
Material tre
Innvigd 1. november 1882
 - Endringar 1927, 1960
Tårn I vest
Kyrkjegard Nei
Preikestol J.C.C. Aschenbach
Døypefont Søren Lexow-Hansen (men ein nyttar ei bronseavstøyping)
Altartavle Asta Nørregaard, 1883
Orgel Åkerman & Lund, 2007
Sitjeplassar 500
Kart
Gjøvik kyrkje
60°47′53″N 10°41′16″E / 60.79806389°N 10.68776667°E / 60.79806389; 10.68776667
Wikimedia Commons: Gjøvik kirke

Gjøvik kyrkje er ei langkyrkje i tre i Gjøvik kommune. Ho har om lag 500 sitjeplassar.[1]

Kyrkja vart teikna av Jacob Wilhelm Nordan og oppført i 1881–82. Ho avløyste Gamle Hunn kyrkje, som var oppført så seint som i 1821, og som langt frå var falleferdig.

Kyrkja vart rett nok liggjande utanfor kommunegrensa (i det som då var Vardal kommune) då Gjøvik by vart kjøpstad i 1861, men den nye kommunen hadde ei minneleg avtale med Vardal om bruk av kyrkja.[2] Ny Gjøvik kyrkje vart finansiert med gåver, og det vart stilt som vilkår at gamlekyrkja skulle rivast og materialar brukast om att.[3] På den gamle kyrkjestaden er det framleis gravplass, og det er oppført eit gravkapell med krematorium der. Dagens Gjøvik kyrkje er nede i byen. Under bygginga av den nye kyrkja raste det uferdige kyrkjetårnet saman i ein storm i jula 1881.[4] Gjøviks Blad skrev om nykyrkja like etter denne hendelsen: «Hvis bare tårnet man får til å stå, den ferdig og prektig snart kneiser.»[5]

Kyrkjebygg og inventar er utprega nygotisk med fargekontrastar mellom veggflater og berande strukturar (samt hjørnemarkeringar). Kyrkja er mellom anna kjent for at oppdraget med å måle altarbiletet var det fyrste slike oppdraget i Norge som gjekk til ei kvinne, Asta Nørregaard.[6] Tavla vart ferdig året etter kyrkjevigslinga. Kyrkja fekk nytt orgel i 2007. Det har 44 stemmer og er bygd av Åkerman & Lund i samarbeid med Norsk orgelverksted.[7]

Det er ikkje kyrkjegard attmed kyrkja, men området framom er laga til som ein park. Ikkje langt frå hovudinngangen står eit monument over misjonæren, folkloristen og lingvisten Paul Olaf Bodding.

Gjøvik kyrke er prostikyrkje i Toten prosti.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gjøvik kyrkjelege fellesråd.
  2. Dehli og Duveland (1982), s. 5ff.
  3. Sjå òg Be og Hør, kyrkjeblad for Gjøvik, nr. 1/2007, s. 22.
  4. Lokalhistoriewiki.
  5. Mollgard, Reidar (1961). På fedres gamle veier. Gjøvik bys historie 100 år 1861−1961. Gjøvik. s. 153. 
  6. NRK.no.
  7. Det norske orgelselskap Arkivert 2013-11-13 ved Wayback Machine.. Sjå òg det nemnte kyrkjebladet nr. 1/2007, s. 21-22.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Dehli, Martin og Duvaland, Nils, red. (1982). Gjøvik kirke og menighet gjennom hundre år 1882-1982. Gjøvik. 
  • Eldal, Jens Christian og Havran, Jiri (2002). «Gjøvik kirke». Kirker i Norge, bind 3: Med historiske forbilder. 1800-tallet. Oslo: ARFO. s. 156-157. ISBN 82-91399-11-5. 
  • Rasmussen, Alf Henry (1993). «Gjøvik kirke». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 589. ISBN 82-7527-022-7. 
  • Grønland, Tormod (2003). «Hunn og Gjøvik kirke». Vardal hjembygdens kirke 200 år. Glimt fra Vardal prestegjelds historie. Gjøvik: Vardal menighetsråd. s. 56-60. ISBN 82-303-0146-8. 
  • Øverland, Olava og Mellin, Bo Aje (1995). «Gjøvik kyrkje». Våre altertavler. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 146-147. ISBN 82-521-4500-0.