Gjalp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tor klamrar seg fast medan Gjalp pissar i Vimur.

Gjalp (norrønt Gjálp) er ei gyger (jotunkvinne) i norrøn mytologi. Ho er dottera til jotunen Geirrød og syster til Greip.[1] Dei bur i Risaland, ved grenseelva Hemra.[2]

Ein gong Tor og Loke er på veg til Geirrød vert dei overrumpla av at elva Vimur brått får ei enorm vassføring og nær skòlar dei avgarde. Tor får då auge på Gjalp som skrevande over elva står og pissar. Det er vasslatinga hennar som lagar bråflaumen, og han kastar ein stein mot henne og seier: «Ved osen skal å stemmast!». Når Tor er framkomen til Geirrød og får sett seg lyftest brått stolen mot taket, og Tor må bruke staven Gridarvol til å ta tak mot taksperrene og få pressa seg ned att. Under stolen var Gjalp og systera Grip som skrik når ryggene deira knekkjest av Tor si tyngd.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Idar Lind (2009). «GJALP». Norrøn mytologi : Frå A til Å (4. opplaget utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 73. ISBN 978-82-521-6564-7. 
  2. Idar Lind (2009). «GEIRRØD». Norrøn mytologi : Frå A til Å (4. opplaget utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 70. ISBN 978-82-521-6564-7. 
  3. Snorri Sturluson (1998). Erik Eggen; Hallvard Magerøy, red. Den yngre Edda (5 utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 108. ISBN 82-521-5287-2.