Gjelsvikfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 72°9′S 2°36′E
Gjelsvikfjella
fjellkjede
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Dronning Maud Land
 - koordinatar 72°9′S 2°36′E
Høgaste punkt Risemedet
 - høgd 2 705 moh
Lengd 50 km
Administrert under Antarktistraktaten
Gjelsvikfjella is located in Antarktis
Gjelsvikfjella (Antarktis)

Gjelsvikfjella er ei fjellkjede mellom H. U. Sverdrupfjella og Mühlig-Hofmannfjella i Dronning Maud Land i Aust-Antarktis.[1] Ho er kring 50 km lang. Risemedet er det høgaste punktet i desse fjella med ei høgd på 2705 meter over havet. Dette fjellet markerer òg austenden av fjella.

Gjelsvikfjella vart først fotografert frå lufta og grovt kartlagd av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen (1938–39). Dei vart kartlagdee i detalj av norske kartografar frå landmålingar og flyfoto av Maudheimekspedisjonen (1949–52) og frå flyfoto av den norske ekspedisjonen (1958–59). Dei vart kalla opp etter Tore Gjelsvik, direktør i Norsk Polarinstitutt.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Gjelsvikfjella» (innhald frå Geographic Names Information System).