Gjende

Koordinatar: 61°29′22″N 08°40′48″E / 61.48944°N 8.68000°E / 61.48944; 8.68000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gjende
innsjø
Gjende sett frå aust mot vest i retning av Memurubu og Gjendebu.
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Vågå
Nedslagsfelt 375,62 km²
Høgd over havet 984 moh.
Lengd 18 km
Breidd 1,5 km
Areal 15,64 km²
Middeldjupn 66 m
Største djupn 149 m
Volum 1,03 km³
Kystlengd1 40,32 km
Koordinatar 61°29′22″N 08°40′48″E / 61.48944°N 8.68000°E / 61.48944; 8.68000
Kart
Gjende
61°29′22″N 8°40′48″E / 61.489444444444°N 8.68°E / 61.489444444444; 8.68
Wikimedia Commons: Gjende
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Gjende er ein innsjø i Jotunheimen. Gjende ligg 984 moh. og har eit areal på omkring 15 km². Sjøen er lang og smal – i luftlinje 18 km lang og 1,5 km brei på det breiaste. Største djup er 149 m. Gjende har ein karakteristisk smaragdgrøn farge på grunn av dei store mengdene morenemasse som vert ført med elva Muru ut i Gjende.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Gjende i august 2005.
Foto: John Erling Blad

Gjende ligg midt i Jotunheimen og både nord og sør for sjøen ligg toppar på godt over 2 000 m. Ved vestenden ligg Gjendebu, på nordsida ligg Memurubu og ved austenden ligg Gjendesheim. Om sommaren går det båtrute mellom desse tre stadene.

Elva Sjoa renn ut frå Gjende, ved Gjendesheim, og ender i Gudbrandsdalslågen.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Gjende sett frå Besseggen.
Foto: Johan Fredrik Øhman

Namnet Gjende er gudbrandsdalsdialekt, og er den offisielle varianten av namnet ettersom sjøen ligg i Lom og Vågå kommune. På vangsdialekt heiter sjøen Gjendin, nokon ein finn igjen i namnet Henrik Ibsen brukte om Besseggen i skodespelet Peer Gynt: Gjendineggen, eller Gendineggen i den tidas staving.

Sjøen har gjeve namn til to kjende personar; friluftsmannen Jo Gjende og budeia Kaia Gjendine Slaalien.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]