Gjennomstrøymingsmålar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit flowmeter eller ein gjennomstrøymingsmålar er eit instrument for å måla gjennomstrøyming med. Det er ikkje lett å måla gjennomstrøyminga direkte, så ofte vert det brukt andre typar måleinstrument, som gjev ein verdi som gjennomstrøyminga kan reknast ut frå. Desse måleinstrumenta vert då kalla flowmeter.

Målemetodar[endre | endre wikiteksten]

Det finst ulike måleprinsipp og typar av flowmeter:

  • Måling av gjennomstrøyming i røyr
    • Måling ved hjelp av Bernoulli-prinsippet:
      • Måleblender brukar struping for å måla gjennomstrøyminga. Ein får då eit trykkfall som vert større når gjennomstrøyminga aukar. Måleblenda er ei plata som vert montert inni røyret.
      • Venturi-røyr er ei innsnevring i røyret, måleprinsippet er det same som for måleblenda.
      • Pitotrøyr
    • Måling basert på kjent volum:
    • Måling av fart:
      • Turbinmålaren måler farten på mediet gjennom ein turbin.
      • Anemometer vert brukte til å måla gjennomstrøyming av gassar. Eit varmeelement vert sett inn i røyret. Anten vert straumstyrken halden konstant, og temperaturen målt, eller temperaturen vert halden konstant og straumen målt. Lågare temperatur eller høgare straum indikerer auka gjennomstrøyming.
    • Andre måleprinsipp:
  • Måling av gjennomstrøyming i opne renner:

Strøymingsvakt[endre | endre wikiteksten]

Ei strøymingsvakt (flow switch) er eit instrument som gjev eit signal når gjennomstrøyminga går over eller under fastsette grenser.

Eit enkelt prinsipp for ei strøymingsvakt er ei plata som står i eit strøymande medium. Når mediet treffer plata, vil det verka ei kraft på plata. Denne krafta vert motverka av ei fjør. Når krafta frå straumen vert større enn krafta til fjøra, vil plata flytta seg, og ein brytar vert aktivert.

Ein måleomformar eller eit flowmeter kan ha strøymingsvakta integrert elektronisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørnar Larsen. Industriell måleteknikk for automatikarfaget. Noreg 1996: Vett & Viten AS. ISBN 82-412-0223-7