Gjensidig hjelp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gjensidig hjelp er ein term i samfunnsøkonomi bruka om frivillig gjensidig byte av ressursar og tenester til gjensidig nytte. Konseptet er sentralt i libertær sosialisme og/eller anarkisme.

Opphav i mennesket sjølv[endre | endre wikiteksten]

Gjensidig hjelp er så gamalt som mennesket sjølv, ein ibuande del av dei små urfellesskaps-samfunna i den fjerne fortida til menneskeslekta. Frå dei eldste tider og til lenge etter jordbruk var oppfunne, var menneska samlarar og jegerar, og bytte arbeid og ressursar til beste for gruppa eller individet.

Intellektuelt opphav[endre | endre wikiteksten]

Som intellektuell abstraksjon vart gjensidig hjelp utvikla og fremja av Pierre-Joseph Proudhon og Pjotr Kropotkin. Mutualisme var òg eit grunnleggjande omgrep når ein etablerte arbeidarstyrte forsikringssystem, fagorganisasjonar og kooperativ.

Kropotkin[endre | endre wikiteksten]

I boka Gjensidig hjelp: Ein faktor i evolusjonen drøfta Kropotkin kooperasjon som ein overlevingsmekanisme for dyr, dette for å motverke eit evolusjonsbegrep som berre såg konkurranse for å overleve mellom individa, sosialdarwinisme. Kropotkin sine observasjonar av urfolk i Sibir fekk han til å konkludere med at det slett ikkje var alle samfunn som var så konkurranseprega som det industrialiserte Europa.

I ei anna bok, Erobringa av brødet, foreslo Kropotkin eit økonomisk system basert på gjensidige byte og frivillig kooperasjon. Han meinte knappheit var unødvendig, og at det var mogleg å produsere nok til å stette alle sine grunnleggjande behov med berre fem timars arbeidsdag (så kunne dei som ville bruke resten av dagen til å tilfredsstille eventuelle behov for luksus om dei ønskte det). Han hevda at dårlege økonomiske system hindra slik velstand for alle og hadde ført til ein sosialt ineffektiv allokering av ressursar. Integrert i ein industriell økonomi ville prinsippet om gjensidig hjelp føre til betre kår for alle, meinte Kropotkin.

Han utvikla desse ideane vidare i verket Åkrar, fabrikkar og verkstader, men utan å gjere fullgodt greie for korleis dette systemet skulle fungere.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den engelskspråklege wkipediaen, artikkelen Mutual Aid, som lesen 10. mars 2009.