Gjerdevikke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gjerdevikke


Status i Noreg: LC Livskraftig

Zaunwicke.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Fabales
Familie: Fabaceae
Slekt: Vicia Vikkeslekta
Art: V. sepium
Vitskapleg namn
Vicia sepium

Gjerdevikke (Vicia sepium) er ei plante i ertefamilien som er utbreidd over Europa og Asia.

Planta er om lag 4 dm høg. Stengel og blad snaue. Blada er små og eggforma med tydelege midtnervar. Dei sit i 6-7 par på sidestenglar. Gjerdevikke har 2-4 kortskafta blomstar saman i bladhjørne. Skolma vert svart til slutt. Blømer kring juni i småskog over heile Noreg. På Finse er planta funnen opp til 1220 m.

Gjerdevikke kan blandas saman med fuglevikke. Artane kan skiljast gjennom at fuglevikke har mindre og meir mørkegrøne småblad, og fleire småblad på kvart bladskaft. Vidare har gjerdevikke færre blomar og ofte ein raudare variant av den fiolette fargen.

[endre] Kjelder

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk