Gjerdsvika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gjerdsvika er ei bygd på vestsida av GurskøyaSunnmøre, i Sande kommune. Bygda omfattar ni matrikkelgardar frå Hide i nord, vidare i søraustleg retning ligg gardane Gote, Nedre Stokset, Øvre Stokset, Hageselle, Gjerde, Sædal, Sandanger, medan Muren ligg sørvest for Sandanger. Alle gardane ligg ved havet og vika, med unnateke av Sædal, som ikkje har hatt større busetnad sidan 1600-talet. Mellom Hide, som ligg for seg sjølv, og Muren er det 6,1 km langs fylkesvegen.

Gjerdsvika hadde rutebåtsamband frå sist i 1800-åra, men båtane makta ikkje å gå inn i grov sjø. Bygda fekk vegsamband forbi Hidsneset til Herøy i nord i 1908. Byggjing av hamn kom i gang i 1938.

Folketalet i Gjerdsvika var 96 i 1801. Nitti år seinare var det kome opp i 238, medan det i 1946 hadde auka til 365. Talet heldt fram å stige til 1980, då det var 442 ibuarar i bygda. Sidan har folketalet falle.

Gjerdsvika er kjent for dei kvasse og ujamne vindkasta som tidvis oppstår i stormver. Mange gongar har folk lide skade på hus og avling av den kraftige vinden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sandesoga. Band I. Volda, 1994