Gjermund Hagesæter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gjermund Hagesæter

Gjermund Hagesæter
Foto: Bård Gudim/FrPMedia
Fødd12. desember 1960 (63 år)
Lindås kommune
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Gjermund Hagesæter (fødd 12. desember 1960 i Lindås kommune) er ein norsk politikar (FrP). Han vart vald inn på Stortinget ifrå Hordaland i 2001. Han var vararepresentant i periodane 1989–1993 og 1997–2001.

I 2007 uttalte Hagesæter at Kristin Halvorsen må ta på seg ein del av skulda for kommunane i Terra-saka, då ho skal ha sendt ut feil signal igjennom å auke aksjedelen i Statens petroleumsfond ifrå 40 til 60 %.[1]

Etter medieomtale av opprullinga rundt hemmelege og ulovlege bankkonti i Lichtenstein i 2008[2], gjekk han ut til forsvar av skatteparadis som ei kjelde til lågare skattar i høgkostland.

«Hvis vi ikke hadde hatt skatteparadiser og lavskatteland hadde vi hatt et langt høyere skattenivå i dag. Dét er mitt anliggende. Sveits og Lichtenstein har langt lavere skattenivå enn her. Jeg støtter ikke ulovlig unndragelse, men det er ikke ulovlig å etablere seg i et annet land for å få lavere skatter, sier Gjermund Hagesæter.»[3]

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.