Gjertrud
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gertrud II von Boventhen, tysk abbedisse frå mellomalderen.
Gertrud Scholtz-Klink, nazistisk kvinneleiar eller Reichsfrauenfuhrerin.
Gjertrud er ei norsk form av dei opphavleg tyske kvinnenamna Gertrud eller Gertrude. Gjertrud har namnedag den 17. mars i Noreg medan Gertrud har namnedag på same dato i Danmark og Sverige.
Innhaldsliste |
[endre] Variantar
Den norrøne forma av namnet er Geirþrúðr som er avleidd av geirr, 'spyd' og og þrúðr (trudr), 'styrke'.
I den norske folketeljinga frå 1801 finn ein namnet med fleire skrivemåtar: Giertrud, Giertrue, Giertru, Gjertrud, Gertrud, Jertru og Gjertrue.
Kortformer av namnet er nederlandsk Geertje, tysk Gerti, engelsk Gertie og Gerty, finsk Kerttuli, nordisk Trude, tysk Traudel, Trudel, engelsk Trudi, Trudie og Trudy og nederlandsk Truus.
[endre] Namneberarar
- Heilage Gjertrud av Nivelles (626–659)
- Heilage Gjertrud av Helfta (1256–1302), benediktinarnonne og katolsk helgen også kjend som Gjertrud den store
- Gertrud Rask (1673-1735), kona til misjonæren Hans Egede
- Gertrude Atherton (1857–1948), amerikansk forfattar
- Gertrude Stein (1874–1946), amerikansk-fransk forfattar
- Gertrude Vanderbilt Whitney (1875–1942), amerikansk kunstnar og kunstsamlar
- Gertrude Malissa Nix Pridgett Rainey, kjend som Ma Rainey (1886/1882–1939), afroamerikansk bluessongar
- Gertrud Scholtz-Klink (1902–1999), tysk nazileiar
- Gertrude Ederle (1905-2003), USA-amerikansk symjar
- Gertrude Mongella, (f. 1945), tanzaniansk politikar
- Gjertrud Schnackenberg (f. 1953), amerikansk diktar
- Gjertrud Økland (f. 1963), norsk fiolinist
- Gjertrud Jynge (f. 1966), norsk skodespelar
- Gjertrud Eia (f. 1979), norsk programleiar
[endre] Annan bruk
- Gjertrudfuglen er eit kristent legendeeventyr
- Gjertrudsmesse er ei messe til minne om Gjertrud av Nivelles feira 17. mars
- Gjertrud Krogstad var rollefigur i den norske TV-serien Hotel Cæsar i perioden 2000–2003 og i 2005, spela av Kari Simonsen
- Gjertrud (Gertrude) er ein rollefigur i Hamlet av William Shakespeare
[endre] Kjelder
- Søk etter norsk namnestatistikk for Gjertrud hjå Statistisk Sentralbyrå
- Denne artikkelen bygger på «Gjertrud» frå Wikipedia på bokmål, den 16. mars 2009.