Gjesdal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Våpen | Kart |
|---|---|
| Grunnleggjande opplysningar | |
| Kommunenr: | 1122 |
| Fylke: | Rogaland |
| Administrasjonssenter: | Ålgård |
| Flatevidd: | 609 km² |
| Folketal: | 9 729 (2008) |
| Politikk | |
| Ordførar (2007): | Olaug Bollestad (KrF) |
| Målform: | Nøytral |
| Nettstad: | www.gjesdal.kommune.no |
Gjesdal er ein kommune i Rogaland fylke. Gjesdal er rekna å vera ein del av Høg-Jæren. Kommunen grensar i nordvest mot Sandnes, i nord mot Forsand, i aust mot Sirdal, i sør mot Bjerkreim, og i vest mot Time.
Gjesdal kommune er ei fjell- og innlandsbygd som ligg i overgangen mellom Jæren og Dalane, om lag 30 km sørøst for Stavanger. Arealfordeling: jordbruk: 6%, produktiv skog: 5%, ferskvatn: 8%, anna areal: 81%. Kommunesenteret Ålgård ligg ved E39, 15 km frå Sandnes. Om lag 75% av innbyggjarane i kommunen bur på Ålgård.
Lokalavisa for Gjesdal er Gjesdalbuen. "Gjesdalbu" er ei nemning på ein som kjem frå Gjesdal kommune. Gjesdalbuen Finn E. Kydland vart i 2004 tildelt Nobelprisen i økonomi. Kydland vaks opp på Søyland, medan mora seinare flytte til kommunesenteret Ålgård.
Den største fossen i Rogaland, Månafossen, finst her, innst i Frafjord.
[endre] Bakgrunnsstoff
|

