Gjesdal kommune
| Gjesdal kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1122 |
| Fylke | Rogaland |
| Adm.senter | Ålgård |
| Areal | 609 km² |
| Folketal | 10 783 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2007) | Olaug Bollestad (KrF) |
| Målform | Nøytral |
| Nettstad | www.gjesdal.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Gjesdal kommune på Commons | |
Gjesdal er ein kommune i Rogaland fylke. Gjesdal er rekna å vera ein del av Høg-Jæren. Kommunen grensar i nordvest mot Sandnes, i nord mot Forsand, i aust mot Sirdal, i sør mot Bjerkreim, og i vest mot Time.
Gjesdal kommune er ei fjell- og innlandsbygd som ligg i overgangen mellom Jæren og Dalane, om lag 30 km sørøst for Stavanger. Arealfordeling: jordbruk: 6 %, produktiv skog: 5 %, ferskvatn: 8 %, anna areal: 81 %. Kommunesenteret Ålgård ligg ved E39, 15 km frå Sandnes. Om lag 75 % av innbyggjarane i kommunen bur på Ålgård.
Lokalavisa for Gjesdal er Gjesdalbuen. «Gjesdalbu» er ei nemning på ein som kjem frå Gjesdal kommune. Gjesdalbuen Finn E. Kydland vart i 2004 tildelt Nobelprisen i økonomi. Kydland voks opp på Søyland, medan mora seinare flytte til kommunesenteret Ålgård.
Den største fossen i Rogaland, Månafossen, finst her, innst i Frafjord.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Fotnotar
| Kommunar i Rogaland | ||
|---|---|---|
| Bjerkreim · Bokn · Eigersund · Finnøy · Forsand · Gjesdal · Haugesund · Hjelmeland · Hå · Karmøy · Klepp · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Rennesøy · Sandnes · Sauda · Sokndal · Sola · Stavanger · Strand · Suldal · Time · Tysvær · Utsira · Vindafjord | ||