Gjev ikkje glans og gull og prakt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Gjev ikkje glans og gull og prakt» er ei norsk gjendikting av julesongen «Julvisa» av den finske diktaren Zacharias Topelius frå 1887, også kjend som «Giv mig ej glans, ej guld, ej prakt» etter opningsorda. Julesalmen vart første gong trykt i bladet JulQvällen som blei gjeve ut av Publicist-klubben. Han inngår i fjerde bind av Topelius' Samlade skrifter. Melodien til salmen blei komponert av Jean Sibelius i 1909. Teksten blei omsett til finsk i 1909 under tittelen «Ei valtaa, kultaa, loistoa». Songen er blant dei mest populære julesongane i Finland.[1] Han blei omsett til norsk av Arve Brunvoll[2] i 1995 og står som nr. 57 i Norsk salmebok 2013.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Julsånger och duetter», nettstaden Sibelius.
  2. «Nye salmar» Arkivert 2015-12-22 ved Wayback Machine., Kyrkjeblad for Samnanger, julen 2008, s. 3.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Teksten til Gjev ikkje glans og gull og prakt ved Wikisource (sv).