Glåmdalen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg Avisa Glåmdalen
Glåmdalen er ei nyare nemning for distriktet kring elva Glåma, særleg nytta om landskapa Odalen og Solør. I vidare tyding blir namnet nytta òg om Østerdalen.
Sju kommunar i Hedmark fylke samarbeider i Glåmdal regionråd som er eit interkommunalt regionrådssamarbeid:
- Sør-Odal
- Nord-Odal
- Kongsvinger
- Eidskog. Eidskog blir rekna til Glåmdalen sjølv om det ikkje høyrer til Glåmas nedbørsfelt.
- Grue
- Åsnes
- Våler
Distriktet har til saman 53 155 innbyggarar (1. juli 2009) og dekker 5 285 kvadratkilometer. Regionsenteret er byen Kongsvinger. Distriktet blir dekka av lokalavisa Glåmdalen som òg dekker Nes i Akershus. Industrinettverket 7sterke er eit samarbeid mellom føretak i området.
Andre inndelingar [endre]
Prostier under Hamar bispedømme:
- Vinger og Odal prosti (Sør-Odal, Nord-Odal, Kongsvinger og Eidskog)
- Solør prosti (Grue, Åsnes og Våler)
Tingrettar under Eidsivating lagdømme:
- Glåmdal tingrett (Sør-Odal, Nord-Odal, Kongsvinger, Eidskog og Grue)
- Sør-Østerdal tingrett (Åsnes og Våler blant andre kommunar)
Tidlegare fogderi under Hedemarkens amt:
- Vinger og Odalens fogderi (Sør-Odal, Nord-Odal, Vinger og Austmarka sokn i Kongsvinger og Eidskog)
- Solørs fogderi (Brandval sokn i Kongsvinger, Grue, Åsnes og Våler)