Gløgg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Varming av gløgg. I bakgrunnen pepparkaker.
Gløggkoppar.

Gløgg er ein varm drikk som vanlegvis inneheld alkohol, men som òg finst i alkoholfrie variantar. Ordet gløgg kjem frå det eldre svenske ordet glödg, danna frå verbet glödga ’verma opp’. Drikken er den skandinaviske versjonen av «mulled wine» (engelsk), «glühwein» (tysk) eller «vin chaud» (fransk), varm krydra vin.

Oppskrifter på gløgg varierer sterkt, men dei er som regel laget av raudvin, med sukker eller sirup. I Norden drikk ein gløgg først og fremst i samband med advent og julehøgtida.

Dei vanlegaste tilsetjingane er kanelstong, rosiner og mandlar. Gløgg får ein òg i daglegvarehandelen utan alkohol, og kan drikkast som den er. Mest vanleg er det å kjøpe konsentrat (Tomtegløgg) som ein tilsett vatn, saft, vin eller sprit for så å bli varma opp. I dei siste åra har Vinmonopolet starta med sal av ferdig vingløgg, Herregårdsgløgg, som berre treng oppvarming.

Merk at gløgg ikkje skal kokast, den skal berre varmast.

Glödgat vin[endre | endre wikiteksten]

Å drikke varmt krydra vin har sine aner langt bakover i tida. Alt i antikken tilsette grekarane og romarane krydder til vin, anten av helsegrunnar eller for å betre smaken. Gustav Vasa heldt seg med ei eiga blanding av claret som inneheldt rhinsk vin, sukker, honning og krydder som kanel, ingefær, kardemomme og nellik m.m.

I 1609 dukka uttrykket «glödgat vin» opp for første gongen i Sverige. Namnet knyter seg til tilverkingsmetoden, der ein sukkertopp blir trekt inn i cognac og tent på. Det smelta sukkeret gir søtsmak til gløggen.

Glödgat vin hadde eit monaleg lågare alkoholinnhald enn dagens gløgg. Gløggen frå 1800-talet minte meir om glühwein som blir servert i det tyskspråklege området. Då ein oppdaga ein at karamellisert sukker forbetra smaken, oppstod den sterke gløggen. Ein la nemleg sukkeret på eit nett over gløggen, tente på alkoholdampen og lét flammen smelte sukkeret som rann ned i gløggen og gjorde han søt. Ein vart likevel raskt merksam på at metoden halverte alkoholinnhaldet i gløggen, så den blir ikkje nytta i lengre. Samstundes med at alkoholprosenten steig, tilsette ein meir krydder. Dagens gløgg har derfor ikkje mykje sams med den opphavlege, gløda vinen.

I Sverige voks gløggen i popularitet på slutten av 1800-talet og dei private vinhandlarane tok til å framstille ferdigblanda gløgg. Det fanst både vingløgg og ein sterkare variant som vart kalla cognacsgløgg eller julgløgg. Ein tok til å knyte gløggen til julefeiringa og dekorerte etikettane på flaskene med nissar som kokte eller smakte på den rykande drikken.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]