Glass Onion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Glass Onion
Song av The Beatles
frå albumet The Beatles
Utgjeve 22. november 1968
Innspelt 11. september 1968
Sjanger psykedelisk rock[1]
Lengd 2:17
Selskap Apple
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin

«Glass Onion» er ein The Beatles-song frå dobbeltalbumet The Beatles som vart gjeven ut i 1968. Songen er skriven av John Lennon, men tilskriven på vanleg vis Lennon/McCartney.

«Glass Onion», som vart produsert av George Martin og innspelt den 11. september 1968, er innhaldsmessig ein lang referanse til kjende Beatles-songar som eit svar til alle tilhengjarane som stadig leitte etter skjulte meiningar i tekstane. Essensen, slik Sigmund Freud ein gong sa at «av og til er ein sigar ikkje noko anna enn ein sigar», hos Lennon er at av og til representerer ikkje orda noko anna enn seg sjølv. «Glass Onion», «glaslauken», spelar på eit kjent engelsk slenguttrykk «know one's onions» som på norsk tyder «kunne sine ting». Når Lennon då syng at «The Walrus was Paul» er det ein referanse til songen «I Am the Walrus» der The Beatles opptredde i kostyme og dessuten er påstanden er bevisst løgn, kvalrossen var i røynda John Lennon:

I told you about the walrus and me, man
You know that we're as close as can be, man
Well here's another clue for you all
The walrus was Paul

Referansar til Beatles-songar[endre | endre wikiteksten]

Andre Beatles-songar som vert nemnd i «Glass Onion» er:

Om Lennon lukkast i å dempe overivrig analyselyst er ei annan sak. Faktisk kan songen ha hatt ein stikk motsett effekt. Han kom sjølv tilbake til songen nokre år seinare i ein annan song som kommenterte artisten sjølv; «God» på sitt første solo-album: «I was the walrus but now I'm John.»

I dag er Glass Onion vorte eit omgrep for å analysere ein Beatles-song.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Personell per Ian MacDonald[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jim DeRogatis, Greg Kot. The Beatles vs. The Rolling Stones: Sound Opinions on the Great Rock 'n' Roll Rivalry. s. 79. 
  2. MacDonald 2005, s. 311–14.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]