Glatttal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den øvre Glattdalen sett frå Uster-Nossikon (mars 2010)
Trikkelinje 10 i Zürich på Stadtbahn Glattal nær Opfikon

Glattdalen (tysk Glattal eller Glatttal) er ein region og ein dal i kantonen Zürich i Sveits.

Elva Glatt er ei sideelv til Rhinen i Zürcher Unterland i kantonen Zürich. Ho er kring 38,5 km lang og renn frå Greifensee gjennom dalen og munnar ut i Rhinen ved Rheinfelden.

Region Glatttal består av distrikta Uster, Dielsdorf og Bülach, og forstadsbyane og kommunane Bassersdorf, Bülach, Dietlikon, Dübendorf, Fällanden, Glattfelden, Höri, Kloten, Oberglatt, Opfikon-Glattbrugg, Rümlang, Schwerzenbach, Wallisellen og Wangen-Brüttisellen. I tillegg ligg fleire bydelar i Zürich i Glattal.

Glattal er tett folkesett og her ligg mellom anna Zürich lufthamn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Glatttal

Koordinatar: 47°25′N 8°34′E