Glen Coe
| Glen Coe | |
| dal | |
| Land | |
|---|---|
| stad | Dei skotske høglanda |
| Type | Kaldera |
| Siste utbrot | 420 millionar år sidan (silur) |
Glen Coe (skotsk-gælisk Gleann Comhan) er ein trong dal i Dei skotske høglanda i Skottland. Han ligg i den sørlege delen av Lochaber i Highland, og var tidlegare ein del av grevskapet Argyll. Det vert ofte rekna som ein av dei mest spektakulære og vakraste stadane i Skottland, og har status som National Scenic Area i lag med Ben Nevis. Dalen er omgjeve av ville og høge fjell.
Dalen er U-forma og danna av ein isbre. Han er om lag 16 km lang og breidda langs dalbotn er mindre enn 700 meter, og er særleg smal ved Pass of Glen Coe om lag halvvegs inne.
Geologisk sette er Glen Coe restane etter ein gammal supervulkan som hadde utbrot med ein styrke på VEI-8. Utbrotet skjedde for kring 420 millionar år sidan under silur og vulkanen har lenge vore utdøydd.[1]
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Glen Coe» frå Wikipedia på engelsk, den 30. juni 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: