Glenveagh

Koordinatar: 55°01′N 8°03′W / 55.017°N 8.050°W / 55.017; -8.050
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Glenveagh
innsjø
Land  Irland
Fylke County Donegal
Innsjøtype Bresjø
Areal 0,11 km²
Koordinatar 55°01′N 8°03′W / 55.017°N 8.050°W / 55.017; -8.050
Kart
Glenveagh
55°01′00″N 8°03′00″W / 55.016666666667°N 8.05°W / 55.016666666667; -8.05
Wikimedia Commons: Glenveagh

Glenveagh (Gleann Bheathairsk) er ein innsjø (på engelsk lough) i County Donegal i Republikken Irland. Innsjøen ligg ved Glenveagh Castle, om lag 20 km frå Gweedore og dannar hjartet i Glenveagh National Park (irsk Páirc Naisiúnta Gleann Bheatha). Nettverket av hagar inneheld mange eksotiske og flotte planter frå område så langt borte som Chile, Madeira og Tasmania. Plantene er verna frå vinden av furutre og dekorative rhododendronar.

Gleann Bheatha tyder på norsk «Livsens dal».

Eigedomen vart oppretta av John Adair som vart kjend for å kaste ut 244 av sine leigetakarar og jamna husa med jorda slik at dei ikkje skulle øydelegge utsikten hans.

Hagane og borga vart kjøpt av den irske staten i 1981 frå Henry P. McIlhenny frå Philadelphia, som hadde kjøpt eigedomen i 1937.

Parken har i dag den største flokken kronhjort på Irland og kongeørn, som tidlegare var utrydda på Irland, men sett tilbake i parken i 2000.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]