Global nedkjøling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anomaliar i middeltemperatur i perioden 1965 til 1975 med omsyn til gjennomsnittstemperaturen frå 1937 til 1946. Dette datasettet var ikkje tilgjengeleg på denne tida..

Global nedkjøling viser til prosessar der gjennomsnittstemperaturen på jorda går ned, og er det motsette av global oppvarming.

I 1970-åra meinte enkelte forskarar at det ville kome ei snarleg nedkjøling av jordoverflata og atmosfæren i samband med at isbreane på denne tida voks. Denne hypotesen hadde lita støtte i det vitskapelege miljøet, men fekk derimot populær merksemd på grunn av ein kombinasjon av unøyaktig gjenspegling av den vitskaplege forståinga av istidssyklusar i presseoppslag, og ein svak negativ temperaturtrend frå 1940-talet til tidleg på 1970-talet. I motsetnad til gjettinga om global nedkjøling, er den ordinære vitskaplege oppfatninga at jorda ikkje har vorte avkjølt, men gjennomgått ei global oppvarming gjennom heile 1900-talet.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Summary for Policymakers» (PDF). Climate Change 2007: The Physical Science Basis. Contribution of Working Group I to the Fourth Assessment Report of the Intergovernmental Panel on Climate Change. Intergovernmental Panel on Climate Change. 5. februar 2007. Henta 2. februar 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]