Glocknerwand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Glocknerwand
fjell
Land  Austerrike
Område På grensa mellom Kärnten og Austtirol
Fjellkjede Dei austerrikske sentralalpane i Hohe Tauern,
Glockner-massivet
Høgd 3 721 moh.
Førstestiging Josef Pöschl ført av Josef Kerer og Peter Groder
 - dato 3. september 1872
Kart
Glocknerwand
47°04′47″N 12°41′11″E / 47.079722222222°N 12.686388888889°E / 47.079722222222; 12.686388888889
Wikimedia Commons: Glocknerwand

Glocknerwand er eit 3 721 meter høgt fjell i Glockner-massivet i dei Dei austerrikske sentralalpane i den midtre delen av Hohe Tauern. Mellom Glocknerwand og naboen Großglockner ligg skaret Untere Glocknerscharte (3596 m). Grensa mellom Kärnten og Austtirol går over toppen.

Glocknerwand er eit massivt, vifteforma fjell med over 400 meter høge veggar mot sørvest og nordaust. Toppområdet er dekt av mektige snøskavlar som gjer det farleg og uforutsigbart å klatre toppane. Glocknerwand sine toppar blir rekna til dei vanskelegaste å klatre i heile Glocknergruppa.

Eggtravers[endre | endre wikiteksten]

Klatreutstyr til høgfjellsbruk og erfaring frå bre er naudsynt for å gje seg i kast med Glocknerwand. Eggtraversen over alle dei sju tårna mot Großglockner høyrer til dei mest krevjande turane i hele Austalpane. Avhengig av forholda krev dette klatredugleik tilsvarande III til IV+ i UIAA sin gradering, under nedfiring 120 høgdemeter, under oppstiging 200 m, stader ein må rappellere og ein totaltid på fem til åtte timar.[1]

Høgder etter det topografiske Alpenvereinskarte 1:25.000. Tårna har namn etter førsteklatrarane:

  1. Nordvesttoppen (Hofmannspitze), 3711 m (eller 3721 m[2])
  2. Pöschlturm, 3721 m
  3. Gerinturm, 3718 m
  4. Draschturm, 3716 m
  5. Weitzenböckturm, 3710 m
  6. Namnlaust tårn (Peterkaturm), 3715 m. Detter tårnet er ikkje kalla opp etter førsteklatraren, men etter Hubert Peterka som opna Glocknergruppa.[2]
  7. Sørausttoppen (Hörtnaglturm), 3719 m

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Willi End: Alpenvereinsführer Glocknergruppe, München 2003, s. 296 ff., Rz 1073 ff.
  2. 2,0 2,1 Willi End: Alpenvereinsführer Glocknergruppe, München 2003, s. 296 f. Rz 1073

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]