Gloria in Excelsis Deo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Betlehemsenglane med «Gloria in Excelsis Deo» på eit banner gravert av J.R. Clayton.
Over altaret i Grane kyrkje les vi gloria-teksten «Æra vere Gud i det høgste.

Gloria in Excelsis Deo, på norsk Ære vere Gud i det høgste, er innleiingsorda til det andre faste leddet i den katolske messa, òg kalla «Den store doxologi» og «Hymnus angelicus», «Engelhymnen». Det siste namnet viser til Lukas 2,14, englesongen på Betlehemsmarka då Jesus vart fødd.[1]

Soge[endre | endre wikiteksten]

Innleingsorda Gloria in excelsis Deo er henta frå Juleevangeliet, resten er fri dikting, kjend i kjelder frå 800-talet, men med røter i hymner av Athanasius frå 300-talet. Salmen er eldre, han var inntatt i julemessa av pave Telesforus (125 - 136). Slik er han rekna som ein av dei eldste salmane i den kristne kyrkja, bortsett frå salmene i Salmenes bok. Hymnen vart først bruka som morgonhymne i tidebøna, frå 600-talet kom han inn i julenattsmessa. Etterkvart vart hymnen eit ledd i den ordinære søndagsmessa.

I Norsk salmebok er det opplyst at salmen er frå 100-talet, omarbeidd av Hilarius av Poitiers, som døydde 368.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Gloria in excelsis Deo fell bort i fastetida, i adventa og på bots- og sørgedagar. Leddet er heller ikkje med i rekviemesser. Melodien som vert brukt varierer med kyrkjeåret.

I evangeliske gudstenester[endre | endre wikiteksten]

I den evangelisk-lutherske gudstenesta vart dette messeleddet bruka dels med latinsk tekst, dels i omsetjing. Gloria-leddet vart òg gjendikta i metrisk form, i ein salmen skriven av Nicolaus Decius i 1523, omsett til dansk alt i 1529 som salmen «Alene Gud i Himmerik»., seinare «Gud, einast Gud i himmelhøgd» (nr 787 i Landstads kirkesalmebog/Nokre Salmar , nr 20 i Nynorsk salmebok og nr 264 i Norsk salmebok).

I Norsk salmebok er salmen teken inn som nr. 942.

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Gloria in excelsis Deo,
et in terra pax hominibus bonae voluntatis.
Laudamus te,
Benedicimus te,
Adoramus te,
Glorificamus te,
Gratias agimus tibi propter magnam gloriam tuam,
Domine Deus, Rex caelestis, Deus Pater omnipotens.
Domine fili unigenite, Jesu Christe,
Domine Deus, Agnus Dei, Filius patris,
Qui tollis peccata mundi, miserere nobis.
Qui tollis peccata mundi,
suscipe deprecationem nostram.
Qui sedes ad dexteram Patris, miserere nobis.
Quoniam tu solus sanctus,
Tu solus Dominus,
Tu solus Altissimus, Jesu Christe,
Cum Sancto Spiritu in gloria Dei Patris.
Amen.
Ære vere Gud i det høgste
og fred på jorda blant menneske som Gud har hugnad i!
vi lovar deg
vi prisar deg
vi tilbed deg
vi opphøgjer deg
Vi hyllar deg for din store herlegdom
Herre Gud, himmelske konge, allmektige Fader.
Herre, Guds einborne Son, Jesus Kristus,
Guds Lam,
som bar all verdsens synder,
miskunna deg over oss.
Du som sit ved Faderens høgre hand,
høyr vår bøn.
For du åleine er heilag.
Du aåleine er Herre.
Du åleine er Den Høgste, Jesus Kristus,
med Den Heilage Ande i Faderens herlegdom.
Amen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bibeltekst ved bibelen.no