Gloster Gladiator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gloster Gladiator frå Hærens flyvesen

Gloster Gladiator var eit av dei siste dobbeldekka jagarflya som blei brukt i kamp, i starten av den andre verdskrigen. Det var eit einsetars engelskprodusert jagarfly, av typen avskjerings-jagar. Det hadde ein 9-sylindra luftkjøla radialmotor på 840 hk, og vart bestykka med fire 0,303 browning maskingevær. Det hadde ein toppfart på litt over 400 km/t i 5000 meters høgd, og ein marsjfart på 340 km/t. Rekkevidda var på 656 km. Vekt tom: 3 476 lb, fullasta 4 750 lb. Vingespennet var på ca. 10,5 meter, lengda ca. 9 meter og høgda ca. 3,5 meter. Det blei også brukt i Noreg under starten av krigen, men dei fleste blei raskt nedkjempa av dei tyske flystyrkane.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • War planes of the second world war av William Green