Glyff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

I typografien er ein glyff den grafiske framstillinga av eit skriftteikn, t.d. ein bokstav, eit stavingsteikn, ein ligatur, eller ein del av ein bokstav.

Teikn og glyff[endre | endre wikiteksten]

Teiknet (engl. character) er den abstrakte ideen attom bokstaven, glyffen er den grafiske framstillinga av teiknet. Elektronisk tekst blir lagra som numeriske verdiar som viser til abstrakte teikn. Måten teksten står fram for lesaren er avhengig av kva typesnitt lesaren vel.

I nokre samanhengar, som i ISO-standardane ISO 9541-1 og ISO/EC TR 15285, blir det gjort ein distinksjon mellom glyffbilete, den konkrete representasjonen av ein glyff, og glyff, som er ein meir abstrakt storleik. I ei slik framstilling ligg omgrepet glyff nærare omgrepet teikn, skilnaden er mellom anna at ein glyff kan representere ein kombinasjon av ulike teikn. Innanfor denne innfallsvinkelen kan dei abstrakte teikna "f« og »i" bli representert av ein abstrakt glyff som kombinerer dei to teikna til ein ligatur, og denne ligaturen kan i seg sjølv ha ulike fysiske manifestasjonar.

Motstykket til glyffar er grafem. I dei enklaste tilfella tilsvarar kvart einskilt grafem ein einskild glyff i eit gjeve typesnitt (skriftbilete og storleik). Det finst likevel iaugnefallande avvik frå dette.

I datahandsaming omfattar det fleirtydige engelske omgrepet «character» ikkje berre grafem, men òg «ledige teikn» (mellomrom), styreteikn og formateringsteikn, noko som i all essens omfemnar alle teikn som er naudsynte for å kunna lagra tekst elektronisk, og slike som ikkje har glyffar tilknytte seg.

Ligaturar[endre | endre wikiteksten]

Teiknsekvensen fi kan framstillast både som to einskilde glyffar for f og i og som ein ligatur, som er ein glyff som kombinerer dei to.

Dei fylgjande teikna vert framstilte som einskildglyffar utan ligatur:

Utan ligaturar.PNG

Her er dei same teikna framstilte som ligaturar. Kvar ligatur her er ein glyff:

Ligaturar.PNG

I spesialtilfelle kan einskilde glyffar overlappa kvarandre for å danna ein ligaturglyff.

Glyffvariantar[endre | endre wikiteksten]

Glyffvariantar av bokstaven "a" i skrifttypen "Zapfino"

Ein einskild bokstav kan òg føreliggja i ulike variantar i éin og same skrifttype. Johannes Gutenberg la fram om lag 290 ulike skriftteikn for framstillinga av teikna i alfabetet til bibeltrykkinga si.

I mange teiknsystem finst det mange naudsynte glyffvariantar av grafema som avheng av plasseringa av einskildteiknet.

I den arabiske skrifta finst det til dømes fleire glyffar for éin bokstav av di utsjånaden åt bokstaven vert påverka av teikna som står før og etter han.

Dette gjeld òg for det greske teiknet sigma, som vert skrive med glyffen «ς» på slutten av ord, men som elles vert skrive som «σ», og i frakturskrift som lang og rund s.

Ulike bokstavar kan òg verta framstilte med den same glyffen. I somme skrifttypar er til dømes I (stor i) og l (liten L) ikkje til å halda frå einannan.

Datateknologi[endre | endre wikiteksten]

Datamaskinar opererer med ein definisjon av teikn som inneheld både den grafiske forma (glyffen) og koden (tilordning av teikn til posisjonen teiknet har). Ein og den same glyffen kan dimed brukast for fleire teikn. Eit døme på dette er at det tyske umlautsteiknet ¨ fanst på ein eigen tast på gamle skrivemaskinar, og var dimed ein eigen glyff. Saman med teikna a, o og u danna det teikna ä, ö og ü. Den same teknikken kan nyttast internt i dataprogram.

Ved lagring av tekst i dataprogram finst det òg abstrakte teikn, som ikkje har nokon glyffar tilordna seg. Det enklaste dømet på dette er det tomme teiknet. Eit anna døme på abstrakte teikn utan glyffar er matematiske formlar. Til dømes er «2a» ei representasjonsform av «2 * a». Kortforma inneber at me tenkjer oss at det finst eit gongeteikn imellom teikna, men dersom me vil rekna ut denne kortforma på ein datamaskin, treng me eit usynleg og glyfflaust multiplikasjonsteikn mellom «2» og «a». Dette er U+2062 i Unicode.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]