Gmail
Gmail (også Google Mail) er ei gratis e-postteneste laga av skaparane av søkemotoren Google.
Gmail kom på norsk i 2006, men var då avgrensa slik at du måtte bli invitert av ein som allereie hadde Gmail for å få bruke tenesta. Grunnen til dette var at Gmail då var i ein tidleg betafase. I midten av 2007 blei Gmail opna for alle, og ein må ikkje lengre bli invitert for å registrere seg på Gmail. I dag har Gmail nesten 6,5GB med lagrinsplass, og dette stig med over 1MB i timen. Gmail har også eit godt fungerande spam-filter som tek det aller meste av spam.
Innhaldsliste |
Funksjonar i Gmail [endre]
Gmail har ein del funksjonar og verktøy som gjer at Gmail skil seg litt frå andre e-posttenester.
Gruppering av e-post [endre]
Gmail grupperer e-posten din etter post med same emne, eller e-post frå same avsendar.
Automatisk lagring av e-postadresser i adresseboka [endre]
Alle adressene som du sender ein e-post til, eller som du mottar ein e-post frå blir lagra i adresseboka.
Etikettar [endre]
I Gmail blir ikkje e-posten din gruppert i forskjellige grupper slik som er vanleg, men dei blir stempla med ein etikett, noko som gjer det lett å finne att like e-postar seinare. Du kan også leggje til eit filet som set etikettar på e-posten du får med ein gong du får han.
Rask oppdatering [endre]
Gmail oppdaterer seg sjølv, slik at du ikkje treng å oppdatere sida for å sjå om du har fått ein ny e-post. Du kan sjølv bestemme kor ofte Gmail skal oppdatere seg, til dømes kvart minutt.
Hurtigtastar [endre]
- c - skriv ein ny e-post
- / - Søk
- k/j - flytt markøren mellom e-postar
- n/p - neste/førre e-post
- o/enter - opnar den markerte e-posten
- y - Flytt til arkiv, ta vekk stjerne eller ta vekk etikett
- x - merk e-post
- s - stjerne av/på
- ! - spam
- r - svar
- a - svar til alle
- f - vidaresend
- u - tilbake til innboksen
Gmail på mobilen [endre]
Google har også laga ein gratis java-klient for mobiltelefonar. Der kan du både lese og svare på e-posten din.
Konfidenisialitet [endre]
Gmail har vorte kritisert for å samla informasjon om brukarar[1] og for å levera informasjonen vidare til etterretningstenester i USA[2].
Kjelder [endre]
- ↑ Solstad, Ø.[http://nrkbeta.no/2008/05/14/google-leser-e-posten-din/ Google “leser” e-posten din}, NRKbeta, 14/5-2008.
- ↑ Ottervig, V., Google bekrefter å ha gitt personlig data til amerikansk etterretning, hardware.no, 12/8.2011.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Gmail - Her kan du logge inn på Gmail, eller registrere deg dersom du ikkje er registrert frå før.
- Gmail mobile - her kan du lese meir om Gmail på mobilen, og du kan laste ned klienten.
|
|
|
|---|---|
| AdSense · Blogger · Chrome · Desktop · Docs · Earth · Gmail · Hello · Kalender · Knol · Maps · News · Notebook · Page Creator · Picasa · Play · Scholar · SketchUp · Talk · Toolbar · Video · Web Accelerator · YouTube · Zeitgeist |