Gnistgap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit gnistgap

Eit gnistgap er området mellom to spisse eller avrunda elektriske leiarar, elektrodar, med luft eller annan gass mellom. Når ein legg høg spenning mellom elektrodane, oppstår ein elektrisk gnist. Den spenninga som er naudsynt for at det skal oppstå ein gnist, blir kalla overslagsspenninga og avheng av krummingsradiusen til elektrodane, av avstanden mellom dei og av gassen i gnistgapet. Elektrodane i gnistgap lagast av harde, temperaturhardføre metall som vert lite skadd av gnistoverslag.

Dei viktigaste bruksområda er i tennpluggar i forbrenningsmotorar og vern mot overspenning i elektriske leidningsnett, til dømes sikring av telefonsentralar mot induserte høgspenning under torevêr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]