Go Now

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Go Now» er ein song skriven av Larry Banks og Milton Bennett. Han vart først spelt inn i 1964 av Bessie Banks og året etter av The Moody Blues.

Bessie Banks[endre | endre wikiteksten]

Go Now
Singel av Bessie Banks
B-side

It Sounds Like My Baby

Utgjeve januar 1964
Sjanger R&B, soul, blues
Lengd 2:40
Selskap Tiger
Låtskrivar(ar) Larry Banks, Milton Bennett
Produsent Jerry Leiber og Mike Stoller

Songen vart først spelt inn av den tidlegare kona til Larry Banks, Bessie Banks. Versjonen hennar nådde 40. plass på Cash Box R&B-lista.[1] Den originale versjonen til Banks er med i filmen Stonewall.

The Moody Blues[endre | endre wikiteksten]

Go Now
Singel av The Moody Blues
frå albumet The Magnificent Moodies
B-side

«It's Easy Child» (UK)
«Lose Your Money» (USA)

Utgjeve november 1964
Sjanger Barokk pop
Lengd 3:00
Selskap Decca Records (UK)
London Records (U.S.)
Låtskrivar(ar) Larry Banks, Milton Bennett
Produsent Alex Wharton
The Moody Blues-kronologi 
«Steal Your Heart Away»
(1964)
Go Now «I Don't Want to Go On Without You»
(1965)


«Go Now» vart gjort internasjonalt populær seinare i 1964 då den engelske beatgruppa frå Birmingham, The Moody Blues, spelte han inn med Denny Laine på gitar og solovokal. Songen nådde toppen av lista i Storbritannia[2] og 10. plass i USA.[3] Laine fortsette å spele songen på konsertar i åra sine i Wings, og han er med på konsertalbumet Wings over America.

The Moody Blues hadde liten suksess med singlane som følgde «Go Now», og Denny Laine forlet etter kvart bandet, og vart erstatta av Justin Hayward. Bassist Clint Warwick drog òg frå bande tpå denne tida og vart erstatta av John Lodge. Med denne nye besetninga spelte the Moody Blues «Go Now» ei lita stund, før dei byrja å skrive sine eigne songar.

I januar 1997 vart «Go Now» gjeven ut på The Very Best of the Moody Blues.[4]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Go Now» vart sidan spelt inn av Ozzy Osbourne i 2005 for albumet Under Cover og av Simply Red i 2008 for deira Simply Red 25: The Greatest Hits compilation.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 45. 
  2. «List of number-one singles from the 1960s (UK )». Wikipedia. 
  3. «The Moody Blues Album & Song Liste History». Billboard.com. 
  4. «Moody Blues | The Very Best of The Moody Blues». moodybluestoday.com (Official Fan Site). Arkivert frå originalen 19. juli 2011. Henta 4. mai 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]