Goats Head Soup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Goats Head Soup
Studioalbum av The Rolling Stones
Utgjeve 31. august 1973
Innspelt 25. november – 21. desember 1972
23. mai – 20. juni 1973
Dynamic Sound Studio
KingstonJamaica
Sjanger Rock
Lengd 46:56
Selskap Rolling Stones/Atlantic
Produsent Jimmy Miller
Kritikk
The Rolling Stones-kronologi
Exile on Main St.
(1972)
Goats Head Soup It's Only Rock 'n' Roll
(1974)

Goats Head Soup er eit album av The Rolling Stones frå 1973. Det vart spelt inn som ein oppfølgjar til det kritikarroste Exile on Main St. Goats Head Soup hadde ein meir polert produksjon enn det rå og skranglete Exile. Musikken inneheldt den særeigne rockestilen til the Stones, men no òg med element av soul-pop og funk. Den kanskje mest kjende songen på albumet er «Angie», som vart ein stort hit verda over.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga av albumet starta så tidleg som 1970. To songar, «Silver Train» og «Hide Your Love», kom frå desse tidlege innspelingane og dukka opp att i november 1972 då bandet flytta til KingstonJamaica og Dynamic Sound Studios. Gitarist Keith Richards sa i 2002, «Jamaica var eit av få land der alle fekk kome inn! På denne tida var Sveits det einaste landet eg kunne opphalde meg i, og det var ein kjedeleg stad for eg likte ikkje å stå på ski. Det var ni land eg ikkje fekk kome inn i.»[1]

Den første songen som vart spelt inn i Dynamic var «Winter», som sologitarist Mick Taylor har sagt starta med berre Mick Jagger på gitar i studio og at resten kom inn etter kvart.[2]

Første singelen frå albumet, «Angie», var eit upopulært val som første singel hos Atlantic Records som ønskte ein ny «Brown Sugar» og ikkje ein ballade.[1] I motsetnad til kva mange trur, så handla ikkje songen om den første kona til David Bowie, Angela, men dotter til Richards, Dandelion Angela som var nyfødd då.[3]

Trass i den tilbakelente stilen har mange av songane på Goats Head Soup ei mørk kjensle ved seg, som opningssongen «Dancing With Mr. D» (D som i death eller død) og singelen «Doo Doo Doo Doo Doo (Heartbreaker)», som kritiserer New York-politiet for å ha skote ein ti år gammal person ved eit uhell.

Dette var det siste Rolling Stones-album produsert av Jimmy Miller, som hadde arbeidd med bandet sidan Beggars Banquet i 1968. Miller utvikla eit narkotikamisbruk i løpet av åra han var med bandet.

I tillegg til dei offisielle bandmedlemmane spelte mellom andre Billy Preston, Nicky Hopkins og Ian Stewart på albumet.

Innspelinga vart gjort ferdig i januar 1973 i Los Angeles og mai 1973 i Olympic Sound Studios i London.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Singelen «Angie» kom ut før albumet og gjekk til topps verda over. Goats Head Soup kom ut seint i august 1973 og vart òg ein bestseljar som gjekk til førsteplass i mange land. The Rolling Stones la ut på turne i 1973 i Europa.

Albumet fekk variabel mottaking av musikkpressa. I dag vert Goats Head Soup generelt rekna som albumet som markerte slutten på «gullalderen» til the Stones. Jagger starta for fullt eit jetsett liv som rockestjerne, medan Richards vart meir og meir påverka av narkotikaproblema sine.[4] Albumet vert ofte rekna for å mangle energien og gnisten i dei tidlegare albuma, men vart ein bestseljar som mellom anna selde til trippel platina i USA.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Dancing with Mr. D»   4:53
2. «100 Years Ago»   3:59
3. «Coming Down Again»   5:54
4. «Doo Doo Doo Doo Doo (Heartbreaker)»   3:27
5. «Angie»   4:33
Side to
# Tittel Lengd
6. «Silver Train»   4:27
7. «Hide Your Love»   4:12
8. «Winter»   5:31
9. «Can You Hear the Music?»   5:31
10. «Star Star»   4:25

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre musikarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Dora Loewenstein og Philip Dodd (2003) According to the Rolling Stones – Chronicle Books, San Francisco. ISBN 0-8118-4060-3.
  2. «Goats Head Soup». timeisonourside.com. http://timeisonourside.com/lpGoats.html. Henta 11. mars 2009. 
  3. McPherson, Ian. «Track Talk: Angie». http://www.timeisonourside.com/SOAngie.html. Henta 11. mars 2009. 
  4. Erlewine, Stephen Thomas. «Exile on Main St.». All Music. http://www.allmusic.com/album/goats-head-soup-r16789. Henta 11. mars 2009.