Goblins Comic

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gobliner: Livet igjennom deira auger.
Forfattar(ar)Ellipsis Hana Stephens
Blei til26. juni 2005
Sjangereventyr, komedie, drama
ForlagKeenspot, Hiveworks Comics
Lansert1. juni 2005
Nettstadgoblinscomic.com/
StatusBlir oppdatert 2-4 gonger i månaden (2007)
AldersgrenseForfattaren tilrår ikkje serien for yngre lesarar.[1]

Goblins er ein teikneserie som er fritt tilgjengeleg på nettet, skapt og illustrert av Ellipsis Hana Stephens (tidlegare kjend som Tarol «Thunt» Stephens). Serien er sett i eit stereotypisk rollespelande fantasy-miljø og følgjer eit lag med goblinar (troll). I utgangspunktet var dei tilfeldige monster som eventyrarar kunne drepe. Dette forandra seg då dei erklærte seg sjølve for å vere eventyrarar, noko dei har hatt forholdsvis god suksess med.

I august 2006 gjekk Goblins i samarbeid med Keenspot. Goblins vert finansiert ved ein kombinasjon av reklame, nettbutikk, sal av bokversjonar, paypal-donering og ei uvanleg form for oppfordring for donasjonar. Goblinen med indianarnamnet «Fristar Skjebnen» (Tempts Fate) må igjennom ein ny spissrotgang kvar veke, i ei separat historie. Kjem ikkje nok pengar inn på kontoen til Stephens vil Fristar Skjebnen døy. I oktober 2007 fekk Stephens ei inntekt på 3,858 dollar, berre på dette påhittet.

I september 2006 fekk Stephens Dragon Con sin pris for «Mest framståande nye teikneserieskapar på nettet». 15. november 2007 var serien nummer 3 hos buzzcomix[2] og nummer 5 hos topwebcomics.[3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]