Godert de Ginkell, 1. jarl av Athlone
Godert de Ginkell, 1. jarl av Athlone (nederlandsk Baron Godard van Reede) (fødd 1644 i Amerongen, død 11. februar 1703 i Utrecht) var ein nederlandsk general i teneste for England under Vilhelm, prinsen av Oranien, som han følgde til England under den ærerike revolusjonen som avsette Jakob II.
Ginkel kjempa i den vilhelminske krigen i Irland der han kommanderte eit nederlandsk kavaleri i slaget ved Boyne. Då kongen vendte attende til England, vart general Ginkell øvstkommanderande for dei vilhelminske styrkane i Irland og han var medverkande til sigeren i slaget ved Aughrim, som meir eller mindre avgjorde krigen i Irland. Sidan Ginkell hadde utmerkt seg under krigen vart han gjort til 1. jarl av Athlone og baron av Aughrim av kongen.
Jarlen heldt fram i engelsk teneste og vart med kongen på kontinentet i 1693 der han kjempa i kringsetjinga av Namur i 1695 og slaget ved Neerwinden, og han assisterte i øydelegginga av det franske magasinet i Givet. I den spanske arvefølgjekrigen overtok Ginkell for prinsen av Nassau-Usingen i 1702 som feltmarskalk for den nederlandske hæren, under kommandoen til John Churchill, 1. hertugen av Marlborough, og som generalkaptein for dei engelsk-nederlandske styrkane.
Ginkell vart etterfølgd i 1703 av den eldste sonen sin, 2. jarl (1668–1719), som utmerkte seg under Vilhelm III og dronning Anne.
Etter at den 10. jarlen av Athlone døydde utan born i 1844, forsvann tittelen.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Godert de Ginkell, 1st Earl of Athlone» frå Wikipedia på engelsk, den 23. januar 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
